Hopp til innhold

– Uhaldbart å vente på hjelp i 60 dagar

Barn og unge i Møre og Romsdal ventar i om lag 60 dagar for å få psykisk helsehjelp ved sjukehusa. Kravet er at ventetida ikkje skal overstige 40 dagar. Organisasjonen Mental Helse er uroa over den lange ventetida.

28427718

Illustrasjonsbilde: Det kan vere svært vanskeleg å vente på hjelp. Dei med akutte behov skal få hjelp raskt. Men den gjennomsnittlege ventetida er på seksti dagar ved psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Den gjennomsnittlege ventetida for behandling ved Psykisk helsevern for barn og unge låg i januar på om lag 60 dagar. Dette er 20 dagar lenger enn kravet som Helse Midt-Noreg har stilt til Helse Møre og Romsdal.

Anna Margrethe Drægebø Moe

Anna Margrethe Drægebø Moe er leiara i Mental Helse i Møre og Romsdal.

Foto: privat

– Dette er svært urovekkande. Barn og unge er ei svært sårbar gruppe. Her bør det setjast inn tiltak tidleg for å hindre at vanskane skal utvikle seg. Det må arbeidast svært målretta og sterkt for å få ned ventetida for denne gruppa, seier leiar i organisasjonen Mental Helse i Møre og Romsdal, Anna Margrethe Drægebø Moe.

Lang ventetid

Det er i statusrapporten som administrasjonen i Helse Møre og Romsdal har utarbeidd framfor mars-styremøtet at ventetidene ved dei forskjellige avdelingane kjem fram. Det store biletet viser at ventetidene til sjukehusbehandling går ned. Men det største gapet mellom krav og reelle ventetid finn vi ved det psykiske helsevernet for barn og unge. Kravet er at ventetida maksimalt skal vere på 40 dagar. Statistikken viser at ventetida er på 60 dagar.

Ventetider Helse Møre og Romsdal

Dette er frå venstre øvst: Ventetid ved somatikk, psykisk helsevern vaksne, psykisk helsevern barn og unge og for tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Akutt behov blir prioritert

Manuela Strauss, avdelingssjef på Psykisk helsevern for barn og unge presiserer at barn og unge som treng akutt psykiatrisk hjelp får dette utan å måtte vente særleg lenge.

Manuela Strauss

Manuela Strauss er avdelingsleiar på Psykisk helsevern for barn og unge.

Foto: Privat

– Tala i rapporten er gjennomsnittstal. Alle barn og unge som har akutte behov og alvorlege psykiatriske lidingar får hjelp med svært kort ventetid. Vi vurderer kvar einaste henvisning individuelt i forhold til hastegrad. Ventetida hos oss varierer svært mykje, seier Strauss til NRK.

Strauss seier at avdelinga i stor grad klarer å halde dei lovpålagde behandlingsfristane. Ho vedgår likevel at avdelinga har store utfordringar. På den eine sida skal kvaliteten på behandlinga vere høg. Dette kan av og til stå i konflikt med kor fort pasientgjennomstrøyminga i avdelinga kan vere.

Vi har auka krav med tanke på kvaliteten i oppfølginga av den enkelte pasienten. Vi brukar altså meir tid på kvar einaste pasient. Vi vurderer det slik at kompleksiteten i kvar enkelt sak er aukande, seier Strauss.

Vanskar med rekrutteringa

I tillegg til auka krav om høg fagleg kvalitet på behandlinga, slit avdelinga også med rekrutteringa av fagfolk. Psykisk helsevern for barn og unge har fleire stillingar ståande ledig.

– Vi treng fleire spesialistar, vi har behov for å fylle stillingar som står ledige. Vi er Utkant-Noreg og rekruttering er ei stor utfordring, seier Strauss. Hovudproblemet vårt no er ikkje økonomi. Vi har ledige stillingar i nesten alle seksjonar der vi ikkje klarer å rekruttere inn nøkkelpersonell, legg ho til.

Strauss omtalar personalet som fantastiske, engasjerte fagpersonar. Likevel er det behov for å bruke mykje tid på opplæring og spesialisering av dei tilsette.

Vi stiller høge krav til jobben vi skal gjere. I tillegg arbeider vi mykje med å betre den interne flyten i arbeidet på avdelinga. Vi er heile tida på jakt etter å gje pasientane eit betre, samanhengande tilbod, og at det skal føre til at vi raskare skal kunne gje eit tilbod til nye pasientar, seier avdelingsleiaren.

– Dette er urovekkjande

Organisasjonen Mental Helse er ein organisasjon for menneske med psykiske problem, pårørande og andre interesserte. Dei ser tydeleg at det medfører store problem for den enkelte å stå i kø og vente på helsehjelp lenge.

Det er svært viktig å få hjelp så tidleg som råd. Eigentleg burde barn og unge få hjelp før det har gått 40 dagar. Det er alt for lenge å vente. Det er urovekkjande at den gjennomsnittlege ventetida er på om lag 60 dagar, seier Anna Margrethe Drægebø Moe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL