Hopp til innhold

Her er Høies nye helseløfte

Kortare ventetid og færre avlyste operasjonar. Det er lovnaden frå Høgre om dei får fornya tillit etter valet i haust.

Bent Høie

KRAV: – Sjukehusa skal halde 95 prosent av avtalane, seier helseminister Bent Høie.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Helseminister Bent Høie er ikkje nøgd med det sjukehusa leverer. Med to konkrete løfter skal fleire pasientar få behandlinga dei treng.

– Mindre enn 50 dagar

Pasientar som skal få behandling på sjukehus ventar i dag i snitt over 60 dagar. Det fyrste av to nye helseløfte frå Høgre er at denne ventetida skal ned. Og det innan utgangen av 2021.

– Det skal gå mindre enn 50 dagar frå sjukehuset får ei tilvising til pasienten er inne til undersøking eller behandling. Norske pasientar ventar i dag urimeleg lenge på naudsynt behandling, seier helseminister Bent Høie (H).

– Klarer sjukehusa dette kravet utan at det går utover annan aktivitet?

– Ja, det er eg overtydd om. Dei jobbar allereie systematisk med å redusere ventetida, og dette er ei forlenging av det. Dessutan prioriterer vi pengar til sjukehusa, seier Høie.

Færre avlyste avtaler

Fleire titals tusen pasientar opplever årleg at avtalen på sjukehuset vert avlyst. Også det lovar Høgre at det skal bli mindre av.

– Sjukehusa skal halde 95 prosent av avtalane. I dag vert behandling utsett grunna dårleg logistikk og planlegging på den enkelte avdeling, seier Høie.

Korleis skal sjukehusa bli betre på logistikk?

– Vi legg opp til at eigne team skal reise rundt på sjukehusa og hjelpe dei som treng nye løysingar på dette. Løysingar som har fungert på andre avdelingar som fleire kan dra nytte av, seier Høie.

Ap: – Bra og ambisiøst

Helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Torgeir Micaelsen, er positiv til Høie sine lovnader om at sjukehusa skal halde 95 prosent av avtalane.

– Dette er eit nytt mål, som Arbeidarpartiet foreslo i fjor, og som også har fått støtte frå mange andre kantar, seier han.

– Berre ved Helse Sør-Øst er det jo avdekka at titusenar av pasientar kvart år får brote avtalane som sjukehuset har laga. Dette er eit ambisiøst mål, men eg synest det er bra at vi får eit meir samansett mål som seier meir om kva pasientane reelt sett opplever på sjukehuset.

AKTUELT NÅ