Hopp til innhold

Unge må vente lenge på psykiatrisk behandling

Helse Møre og Romsdal går på ein ny månad med trong økonomi. Det er framleis lange ventetider i psykiatrien, særleg for unge pasientar. Og talet på brot på behandlingsfristar auka i januar.

Helse Møre og Romsdal administrasjonsbygg styre

Her skal styret i Helse Møre og Romsdal møtast 15. mars. Då får dei blant anna ein rapport om korleis drifta har gått i januar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Komande veke skal styret i Helse Møre og Romsdal få ein gjennomgang av korleis det står til med både økonomi, ventelister, behandlingsfristar, tvang i psykiatrien og den generelle drifta.

Januar er den første av i alt 12 månader, og det kan vere vanskeleg å danne eit tydeleg bilete av korleis året skal ende. Helse Møre og Romsdal arbeider imidlertid for å utvikle modellar som skal gjere det lettare å simulere og måle effektane av økonomiske tiltak på ein betre måte.

Pensjonskostnader trekkjer ned

Rekneskapsmessig opplever imidlertid Helse Møre og Romsdal ein månad som ligg tett opp til budsjett. Inntektene er litt høgare enn budsjettet skulle tilseie, men også lønskostnadene er høgare. Varekostnader og andre driftskostnader ligg om lag på budsjett. Men her kan det vere vanskeleg å sjå klart kva dei komande månadene vil bringe med seg.

Dermed blir det pensjonskostnader på vel 3,1 millionar kroner som ligg i bakgrunnen og som dreg januar-resultatet ned.

Reduserte ventetider

Dei som ventar på å få helsehjelp frå spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal ser ut til å måtte vente kortare tid enn tidlegare. Jamt over har det vore nedgang i ventetidene sidan september 2016 og jamt over ser denne reduksjonen i ventetid ut til å halde fram.

Den gjennomsnittlege ventetida for dei som startar på ventetida har gått ned frå 66 dagar i januar 2016 til 55 dagar i januar 2017. Også for dei som har stått i kø ei stund er den gjennomsnittlege ventetida redusert med 14 dagar, samanlikna med januar 2016.

Ventetid Helse Møre og Romsdal

Ventetida for januar 2017 ser du som eit lyseblått punkt midt mellom 50 og 60.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Lang ventetid i psykiatrien

Det urovekkjande er imidlertid at ventetidene ikkje har gått særleg ned når det gjeld psykisk helsevern, verken for vaksne eller for barn og unge. Ventetida for barn og unge ligg tett opp mot 60 dagar. For vaksne ligg talet rett i overkant av femti dagar. Her er kravet 45 dagar i vaksenpsykiatrien og 40 dagar for barn og unge.

– Ut over hausten 2016 er det tilsett fleire behandlarar innan psykisk helsevern for barn og unge, og ein vonar dette vil slå positivt ut for ventetida, heiter det i dokumenta som blir lagt fram for styret komande veke.

Ventetider Helse Møre og Romsdal

Dette er frå venstre øverst: Ventetid ved somatikk, psykisk helsevern vaksne, psykisk helsevern barn og unge og for tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Bryt framleis fristar

Helse Møre og Romsdal har eit mål om at ikkje ein einaste pasient skal oppleve brot på fristane for behandling. Likevel aukar talet på fristbrot. I januar opplevde 97 pasientar at dei fekk behandling etter tidsfristen. Dette er ein oppgang på 14 samanlikna med same tid i fjor.

Helse Møre og Romsdal hevdar imidlertid at mange av fristbrota skuldast administrative feil, og at mange av fristbrota ikkje er reelle. Mange av pasientane som opplever reelle fristbrot får også behandling få dagar etter at fristen gjekk ut, hevdar helseføretaket.

Uklar rapportering om tvang i psykiatrien

Det var i november 2016 at avisa VG avslørte at pasientar i psykiatrien blir haldne lenger i tvang enn ved psykiatriske avdelingar elles i landet. Helse Møre og Romsdal sette straks i gang eit arbeid for å skaffe seg oversyn over tvangsbruken. Gjennomgangen viste at det var ulik praksis ved dei ulike klinikkane også når det galdt rapportering.

Arbeidet med ein plan for korleis Helse Møre og Romsdal skal oppnå riktig og redusert bruk av tvang skal leverast innan 1. april 2017.

Vanskane med rapporteringa blir gjort tydeleg ved at det no er sett i verk manuell teljing for å få dei korrekte tala for åra 2014, 2015 og 2016. Då Norsk Pasientregister skulle lage eit fullstendig oversyn over tvangsbruk i norsk psykiatri kom ikkje tala frå Møre og Romsdal med. Årsaka er ifølgje Helse Møre og Romsdal uklar. Det skal kome nye tal for 2016 i mai. Då skal oversynet frå Møre og Romsdal også vere klart.

Styret i Helse Møre og Romsdal skal gjennomgå rapporten på møte 15. mars.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL