Hopp til innhold

– Tog er eit såkalla «positivt ord»

Dei fire vestlandsfylka må rekne med tøff kamp om pengar til ferjefritt E39. Intercity-satsinga på Austlandet er motstandar. Helge Orten (H) synest det er tungt å nå fram med prosjektet sentralt.

Ferjefri E39

Ein langstrakt kyst, med ferjer på dei fleste strekningar. Vestlandsrådet kjempar for eit ferjefritt E39, men kampen om pengane er hard.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane

– Det er vanskeleg å skape naudsynt forståing for kor viktig dette prosjektet er for verdiskapinga i Noreg, seier Helge Orten (H) i Vestlandsrådet.

Rådet arbeider for eit ferjefritt E39. Frå Møre og Romsdal i nord, gjennom Sogn og Fjordane og Hordaland, til Rogaland i sør.

Om nokre månader kjem regjeringa med sitt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP).

Orten, som er Møre og Romsdal Høgre sin toppkandidat for Stortinget neste år, ser at kampen for ferjefritt E39 framleis blir hard.

No vil han og resten av rådet seie klart frå om viktigheita av ferjefritt Vestland.

Saka held fram under bildet.

Helge Orten

Helge Orten i Høgre meiner regjeringa og folk utanfor Vestlandet må sjå viktigheita av eit ferjefritt E39. Han synest det er vanskeleg å finne nødvendig forståing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ikkje berre ei transportåre

– Vi ligg langs gullkysten, i verdiskapingsregionen Vestlandet. Det er her mykje av eksportverdiane blir skapte.

– Det at vi skal byggje eit ferjefritt E39 blir ikkje berre ei transportåre. Det handlar om å byggje saman bu- og arbeidsregionar, noko vi i lita grad har greidd å få fram, seier Orten.

Prosjekta er gigantiske, med mange og store fjordkryssingar. Beløpa er svimlande store.

– Har ikkje skjønt kva det handlar om

Jon Aasen

Jon Aasen (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men det handlar om å byggje framtida på Vestlandet. Den store konkurrenten om pengane er Intercitytoga som er planlagt på Austlandet.

– E39 taper mot togsatsinga på Austlandet, for tog er eit såkalla «positivt ord». Å satse kollektivt er positivt lada.

Det meiner fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap).

– Å byggje veg er for mange negativt, særleg når ein pratar om store og dyre fjordkryssingsprosjekt. Ein har sett at Noregs største avis kalla det for «Senterpartiet sin måte å helse heim til distrikts-Noreg på». Då har ein ikkje skjønt i det heile kva dette handlar om, seier fylkesordføraren.

Aasen synest òg det er vanskeleg å finne forståing på Austlandet.

Også intern kamp

Kampen med Austlandet er den store kampen. Mindre kampar internt blir derimot òg utkjempa. For Vestlandsfylka skal dele på milliardane dei får tildelt.

Alle er for ferjefritt E39, men det kan bli hard kamp mellom Møreaksen over Romsdalsfjorden og Hordfast i Hordaland. Spørsmålet er kva som skal byggjast først.

– Ting må realiserast i rekkjefølgje. Utgangspunktet for satsinga som Vestlandsrådet har for ferjefritt E39 er at prosjekta blir realisert etter kvart som dei er ferdig planlagt og klargjort, seier Helge Orten.

– Der meiner eg vi (journ. anm. Møreaksen) står sterkt.

– Har Møreaksen sjanse i konkurranse med Hordfast?

– Ja, de trur eg, rett og slett fordi vi byggjer på teknologi og kjente løysingar for bruer og tunnelar.

– Møreaksen kan vere klargjort for bygging relativt mykje tidlegare enn Hordfast, meiner Orten.

Saka held fram under bildet.

Møreaksen

Møreaksen er eitt av dei mange fjordkryssingsprosjekta som er tenkt realisert på Vestlandet.

Foto: Illustrasjon / NRK

Manglar folk sentralt

Likevel har Hordaland noko Møre og Romsdal ikkje har.

– Vi har ikkje sentrale personar innanfor samferdsle på Stortinget. Det er ei stor svakheit for oss.

– Kan det by på problem i denne samanhengen?

– Det er i alle fall ei stor svakheit at vi ikkje har det. Det vil seie at vi må jobbe gjennom alle tenkjelege kanalar mot andre representantar enn våre eigne.

– Eg må jobbe mot våre kanalar i Høgre og Jon (journ. anm. Aasen) må jobbe mot sine i Arbeidarpartiet. Det er ein krevjande prosess som hadde blitt langt enklare om vi hadde sentrale folk i Transportkomitéen, avsluttar Orten.