Hopp til innhold

Arnstad om ferjefritt E39: – Eit kjempeviktig prosjekt

Den nye samferdselsministeren, Marit Arnstad, var både open og positiv på «Ferjefri E39»-konferanse i Molde. I tillegg opna ho for å sjå på E39 som éin pakke.

Marit Arnstad

Marit Arnstad stilte med eit ope sinn på «Ferjefri E39»-konferansen i Molde torsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Jon Aasen

Jon Aasen synest signala frå samferdselsministeren var positive.

Foto: Trond Vestre / NRK

Trass ein stram prislapp på over 100 milliardar: Samferdselsminister Marit Arnstad var positiv, og var til og med open for å sjå heile E39 som eitt prosjekt.

– Ja!, det la eg merke til. Eg trur ikkje ho har drege det frå eige bryst, det er nok eit klart signal frå Vegdirektoratet, sa fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, då han blei spurt om «Ferjefritt E39» som eitt prosjekt.

– Komiteen synest ikkje nødvendigvis at det er ein god idé, men eg synest ferjefritt E39 i éin samla pakke er ein rasande god idé.

Arnstad: – Folk har klare ønskjer

«Vestlandet dominerer norsk eksport med sin andel på over 40 prosent av den totale handelseksporten frå Noreg. Dei som omtalar Vestlandskysten som gullkysten har ei godt poeng. Varene som blir frakta ut i verda må kome fram på best og raskast mogleg vis. Ikkje minst i desse dagar nå vi ser eit makroøkonomisk bilde der olja er så dominerande, og krona er så sterk. Då er det enda viktigare å understreke at dei konkurranseutsette næringane og transportintensive næringane, dei stiller på startstreken med avstandsulemper».

Marit Arnstad, som tok over som samferdsleminister etter Magnhild Meltveit Kleppa 18. juni i år, var klar frå talarstolen i Molde: «Ferjefri E39» er eit viktig prosjekt.

– Ei fornying av E39 er kjempeviktig, både på land og forhåpentlegvis meir ferjefritt etter kvart. Dette prosjektet er stort og viktig for næringsliv og folk på både Vestlandet og nasjonalt, kommenterte Arnstad til NRK.no etter talen.

Ho er framleis ny i prosjektet, men merkar allereie trykket.

– Folk har veldig klare ønskjer, og er veldig opptekne av eigne prosjekt, meiner Arnstad.

Saka held fram under bildet.

Marit Arnstad (th) i samtale med Torgeir Reve (tv)

Samferdsleminister Marit Arnstad i prat med Torgeir Reve, professor strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøgskulen BI.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ein veg å gå teknologisk

22. september blir Kvivsvegen, vegen folk har venta på i over 100 år, opna. Sunnmøre og Nordfjord blir knytt saman, og E39 blir innkorta.

Dei store fjordkryssinga kan derimot ta lenger tid.

– Fleire av dei er enno på eit teknologisk stadium, og det må vidare teknologiutvikling til for at ein for eksempel kan krysse Sognefjorden.

– Er det viktig for det å gå opp tempoet i «Ferjefritt E39»-prosjektet?

– Altså, vi er på ein måte i gong allereie når det gjeld fornyinga av E39. Kvivsvegen si opning no seinare i september eit eksempel på det. Det kjem også nye store prosjekt.

– Når det gjeld fjordkryssingane så har vi ein veg å gå, meiner Arnstad.

På konferansen blei det òg klart at eksterne evalueringar har konkludert med Anda-Lote i staden for Stryn i Sogn og Fjordane, samt Fefast i staden for Hafast som fjordkryssing i Møre og Romsdal. I evalueringa var derimot Hafast sett på med tunnelløysing, ikkje flytebru som seinare nemnt.

Video Tom-Christer Nilsen

Fylkesordførar i Hordlanad, Tom Christer Nilsen, etterlyser framleis «driven» frå Staten.

Foto: Nyhetsspiller

Hordaland-Nilsen fornøgd

Dei fleste var positive både under og etter konferansen. Fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen, såg mykje positivt.

– For meg var det viktigaste at dei vil velje traséval for Hordfast, strekninga mellom Stord og Bergen, før den Nasjonale Transportplanen blir lagt fram til våren.

Han trur likevel val av trasé blir vanskeleg.

– Er det bra med fortgang i E39-prosjekta?

– Det er det absolutt. Det er viktig å få parkert diskusjonane, velje alternativ og gå vidare. Konsentrasjonen må vere på bygging.

– Likevel må eg framleis etterlyse «driven» frå staten. Men samferdselsministeren viser at ho er oppteken av temaet, meiner Nilsen.

– Stor vekt på næringsliv

Arnstad er i tillegg open for å sjå på heile E39 langs Vestlandet som éin pakke.

– Eg ser ikkje bort ifrå at E39 er eit prosjekt der vi anten må vurdere alternativ finansiering. I tillegg er vi opne for å sjå på alternativ organisering, fortalte Arnstad.

Kva ho legg vekt på i prosessane er fleire ting.

– Eg legg stor vekt på pendling og bu- og arbeidsmarknadsområde, men også stor vekt på næringslivet sine behov.

– Behova er ulike i ulike delar av landet, men mitt mål er å få til ein Nasjonal Transportplan dei ein ser transportbehov og transportsystem i samanheng for heile Noreg, avslutta Arnstad.

Utsegna fell i også i god jord hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Ho gir seg signalet om at vi skal vidare med prosjekta. Ferjefritt E39 er ikkje eit gryteklart prosjekt, på langt nær, med unntak av Møreaksen og forhold i Rogaland.

– Men ho er open og positiv, seier Jon Aasen.