Hopp til innhold

– Vi må stå saman for å få til eit ferjefritt Vestland

Vestlandspolitikarane kjempar for pengar til ferjefrie E39-prosjekt – regjeringa legg fram transportplan til våren.

Ombord på "MF Aurland"

Det kan bli slutt på stappfulle ferjer dersom vestlandspolitikarane får det som dei vil.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kampen om plassen og pengane i Nasjonal Transportplan spissar seg til.

Regjeringa legg fram sitt forslag til våren, og vestlandspolitikarane kjempar mellom anna for ei satsing på eit ferjefritt E39.

Prosjektet gjeld fylka Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

– Dei neste månadene blir avgjerande for om vi får dette til, seier fylkesordførar Jon Aasen frå Arbeidarpartiet.

Må stå saman

Ferjefri E39

Politikarar kjempar for å få ferjefritt E39 inn i Nasjonal Transportplan til våren.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane

– Ein ferjefri E39-sak meiner vi framleis bør vere eit totalprosjekt, ei heilskapleg satsing på ei ferjefri strekning frå Kristiansand til Trondheim, seier Aasen.

Fylkesordførarane på vestlandet

Vestlandspolitikarane har lenge stått saman for ferjefritt E39. Her for to år sidan dåverande fylkesordførarar på Mortavika ferjekai. F.v. Nils R Sandal (Sogn og fjordane), Tom Tvedt (Rogaland), Toril S Nyborg (Hordaland) og Olav Bratland (Møre og Romsdal).

Foto: Czaplicki, Zbigniew / NRK

Aasen meiner det er viktig at ein ikkje behandlar denne saka slik som stortingspolitikarane er vande til, nemleg at kvart sitt fylke skal ha kvar sine prioriteringar inn på Nasjonal transportplan.

– Då fryktar eg at dette blir noko som druknar i alle andre prioriteringar.

Kjempar mot Austlandet

I kampen om pengane slost Ferjefri E39 mot Intercity-triangelet på Austlandet.

– I budsjettsamanheng gjer vi nok det. Det er nok slik at ei krone brukt her, kan ikkje bli brukt nokon anna plass, seier Aasen.

InterCity-tog på rødt lys

Eit ferjefritt E39 kjempar mot InterCity-prosjektet om pengane i Nasjonal transportplan.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Men han meiner Vegdirektoratet, som har vore primus motor for ein E39 utan ferjer burde vere meir aktiv.

– Dei burde forklart samferdselses-departementet og samferdselspolitikar at det ikkje handlar om anten det eine prosjektet eller det andre, men at det bør bli satsa på begge, seier Aasen.

LES OGSÅ: Ueinige om ferjefri fjord

Vestlandet får mindre pengar til veg enn resten av landet. Det kjem fram i ein analyse basert på tall frå forslaget til Nasjonal transportplan. Samtidig er ferjefri E39 det vegprosjektet som vil gi mest for pengane.

Spektakulært og framtidsretta

Illustrasjon hengebru, Statens vegvesen

Hengebru: Her er eit av forslaga til framtidig kryssing av Sognefjorden, som ein del av ferjefritt E39.

Det har lenge vore visst at politikarane ynskjer ei satsing på E39 som eitt samla prosjekt. Aasen forsvarar strategien fordi han meiner Vestlandet tener på å stå samla, men der er ei pedagogisk utfordring.

– Det er jo spektakulære forslag som er lagt fram, og det er mogleg at det er altfor framtidsretta. Der er mange miljø som ristar på hovudet og seier dei ikkje har tru på dette. Særleg miljø nordfrå og austfrå ser ikkje poenget med ein ferjefritt E39 og framtidige fjordkryssing, seier Aasen.