Hopp til innhold

– Statsministeren ser at røysta vår er sterk

– At statsministeren tek eit oppgjer med engasjementet vårt for å stanse asylretur i jula, viser at vi biskopar vert høyrde, seier Ingeborg Midttømme.

Ingeborg Synøve Midttømme

Ingeborg Midttømme er glad for at statsminister Erna Solberg legg merke til biskopane sitt engasjemnet for å stanse utsending av asylsøkjarar i juletida.

Foto: Roar Strøm / NRK

Bispemøtet si bøn om pause i asylutsendingane vert avvist av statsminister Erna Solberg, som meiner biskopane sender ut eit negativt signal.

– Statsministeren opplever at vår stemme er sterk og tydeleg og det kan vere ubehageleg for dei som sit med makta i landet vårt, svarer biskop i Møre bispedøme, Ingeborg Midttømme.

Oppgjer med biskopane

Ingeborg Midttømme har vore engasjert i flyktningar og asylsøkjarar si sak i mange år og er i selskap med biskopar over heile landet når ho har bede om stans i returen av asylsøkjarar no i juletida. Men statsminister Erna Solberg likar ikkje kritikken og tek eit oppgjer med biskopane.

– Meiner dei at vi ikkje skal sende ut folk som har fått avslag? Når vi seier at vi skal ha ein streng, men rettferdig asylpolitikk, er det fordi vi må ha berekraft i det norske samfunnet i framtida, seier ho i eit førjulsintervju med Dagbladet.

Biskop i Møre bispedøme, Ingeborg Midttømme, understrekar at dei ikkje meiner at ein ikkje skal sende ut folk som har fått avslag, men at alle som får avslag skal ha fått saka si skikkeleg behandla.

– Det er ikkje ein rettsstat som Noreg verdig å sende folk ut av landet utan at sakene deira er skikkeleg behandla. Då er biskopane si stemme viktig, for det er viser seg at vi vert høyrde.

– Vi må ta vare på dei svakaste

Ingeborg Midttømme sat i Utlendingsnemnda før ho vart biskop og ho prøver framleis å bidra til å peike på årsaker til at folk er på flukt. Den siste tida har ho blant anna engasjert seg i å hjelpe gravide Azmera Fesfaye Beshir på Vestnes, som har frykta for å verte tvangssend tilbake til Etiopia.

Midttømme meiner at rettstryggleiken ikkje vert ivareteken når saker ikkje vert realitetsbehandla før asylsøkjarane vert sendt ut av landet.

– Vår bodskap er at vi må ta vare på dei svakaste blant oss og vi må overhalde dei pliktene Noreg har. Og så må vi vite at dersom det vert eit endeleg vedtak om utsending, ja, så er det grunngitt.