NRK Meny
Normal

UDI: – Visste ikkje at etiopisk kvinne var høggravid

VESTNES (NRK) UDI seier dei ikkje visste at høggravide Azmera Fesfaye Beshir snart skulle føde. No slepp ho å reise tilbake til Etiopia for å søkje om lovleg opphald i Noreg.

Azmera Tesfaye Beshir, Lars Tore Bjermeland og Leah Tesfaye Bjermeland

Småbarnsfamilien i Vestnes får ferie jul ilag, trass i at høggravide Azmera Fesfaye Beshir framleis ikkje veit om ho får lovleg opphald i landet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Etiopiske Azmera Fesfaye Beshir har vore i Noreg i sju år ulovleg. Tre gongar har ho fått avslag på opphaldsløyvet, men likevel klora seg fast.

I dag har ho norsk sambuar, ei jente på snart to år og eit nytt barn i magen. I heile haust har ho frykta å bli tvangssendt høggravid tilbake til Etiopia.

Les også:

Får bli inntil vidare

No er det klart at UDI lar henne vere inntil vere.

– Saka ligg no til behandling hos oss, og Beshir har lov til å opphalde seg i Noreg saman med familien i mellomtida, seier einingsleiar Christian Marius Hasfjord i UDI til NRK.

Han opplyser at det er nytt for dei at kvinna er høggravid, og at ho dermed får behandla søknaden om familiegjenforeining frå Noreg. Dermed slepp ho å reise tilbake til heimlandet for å søkje, slik utlendingar som er ulovleg i landet normalt må.

Les også:

Kunne vore tilbake i Etiopia

Sambuar Lars Tore Bjermeland seier det er utruleg at UDI hevdar dei ikkje visste at den etiopiske kvinna var høggravid, og hevdar det har vore tema i fleire telefonsamtalar den siste tida.

Dersom den høggravide kvinna har gjort som UDI bad henne, forlate landet før 1. desember, ville ho no vore tilbake i Etiopia.

– Det hadde vore tragisk dersom den avgjerda og det vedtaket blei effektuert, seier sambuaren.

Har hatt pass og medisinar i veska i vekevis

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme har vore klar til å reise til Etiopia saman med den høggravide kvinna i haust. No slepp ho det.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tidlegare i haust gjekk biskop Ingeborg Midttømme ut og sa at ho sto klar til å reise til Etiopia saman med kvinna, dersom ho blei tvangssendt. Midttømme meiner UDI burde gje henne opphald i landet, ikkje minst fordi ho no er mor.

Inntil i går gjekk eg med pass, vaksinasjonskort, medisin og kredittkort i veska uansett kvar eg sto og gjekk, klar til å måtte reise på første fly, seier Midttømme.

Inntil vidare får no småbarnsmora vere i landet, i påvente av om ho får lovleg opphald i Noreg.