Hopp til innhold

Franske Lauren frydar seg over det norske regnvêret

For mykje regn kan øydelegge jordbærsesongen, men plukkarane som har teke turen frå Frankrike elskar det sunnmørske ruskevêret.

 Lauren Valvandrin sitter i en jordbæråker i Valldal.

Lauren Valvandrin reiste frå Frankrike til Noreg for å plukke jordbær.

Foto: Remi Sagen / NRK

På Storstova i Valldal auser regnet ned i jordbæråkrane. Ikkje så godt nytt for bæra, men for plukkarane som har teke turen frå Frankrike er dette heilt perfekt.

– For meg er det betre på grunn av vêret. Det er lettare her enn i Frankrike, seier Lauren Valvandrin.

I tre sesongar har ho jobba som jordbærplukkar i heimlandet, men så fekk ho nok. Då tok ho med seg kjærasten Julien Nenoret, to kattar og hunden til Sunnmøre.

– Det er veldig fint å plukke jordbær i dette landskapet. Vêret er betre her enn i Frankrike. Det er vanskeleg å jobbe der, for det er 42 grader nesten kvar dag heile sommaren, forklarer ho.

Jordbær som det drypper vann av.

Ein sesong med for mykje regn kan skade bæra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Håpar på god sesong

Den vesle bygda Valldal på Sunnmøre produserer 80 prosent av den såkalla industribæra her i landet. Det vil seie jordbær som til dømes blir brukt til å lage syltetøy. Dermed trengst det mykje ekstra arbeidskraft i sesongen.

Mellom 200 og 300 bærplukkarar kjem til bygda kvar sommar. Og i år blir det ein intensiv sesong, trur dagleg leiar i Valldal Grønt, Eirik Valdal.

– Det byrja mykje tidlegare enn eg hadde trudd, og det ser ut til at det vil bli ein kort og brå sesong, seier han.

Jordbærbonden på Storstova, Hegelin Waldal har tru på at denne sesongen skal bli god.

– Vi håpar sjølvsagt at dette skal bli ein skikkeleg sesong, som skal bøte på dei dårlege sesongane vi har hatt. Vi må vere evige optimistar, viss ikkje orkar vi ikkje halde på med dette, forklarer ho.

Jordbærbonde Hegelin Waldal

Hegelin Waldal fortel at dei alltid er spente på korleis smaken på jordbæra blir. Ho forklarer det mellom anna varierer frå åker til åker.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei ventar framleis på at 13 arbeidarar til skal komme. No er dei åtte som plukkar bær på fire mål.

– Det er hektisk, for det er mykje bær i åkeren og det er få plukkarar, så då blir det litt stress, seier ho og held fram:

– Men mest av alt er det fordi det akkurat no er regn, og dei må gå fort med desse pappkurvene vi plukkar i.

Betre betalt

Men regnvêret er altså ikkje noko problem for plukkarane frå Frankrike.

Dei set pris på den kjølige og våte julidagen på Sunnmøre, og fortel at dei også får betre betalt i Valldal enn i heimlandet.

– Om vi jobbar hardt ein månad kan vi tene rundt 3000 euro, seier Nenoret.

– Det er meir enn det dobbelte av kva vi får i Frankrike, seier Valvandrin.

Jordbærsesong i Valldal

Julien Nenoret trivst så langt godt i Valldal.

Foto: Remi Sagen / NRK