Hopp til innhold

– Val av tomt for nytt sjukehus blir ein krevjande prosess

Ny styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, seier tomtevalet for nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal blir krevjande. Kinserdal meiner det blir viktig å gjennomføre ein grundig prosess, men det mest tungtvegande blir omsynet til befolkninga sitt behov.

Stein Kinserdal og Astrid Eidsvik

Den nye styreformannen Stein Kinserdal sitter her saman med direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kinserdal er nyvald styreleiar for Helse Møre og Romsdal, og deltok onsdag på sitt fyrste styremøte. Sjukehussaka på Nordmøre og i Romsdal er den største saka han no skal ta til å arbeide med.

Striden om sjukehustilbodet på Nordmøre og i Romsdal har pågått i årevis og motsetnadene har vore store.

Vi må først og fremst skape eit sjukehus som klarer å rekruttere fagfolk. Det må bli eit sjukehus som nordmøringane og romsdalingane oppfattar som sitt eige. Det må også vere eit sjukehus som over tid leverer det folk kan forvente, seier Kinserdal til NRK.

Han trur ikkje bølgjene etter lokaliseringsstriden vil ha lagt seg heilt før etter at sjukehuset står ferdig og har vore i drift ein periode. Sjukehusstriden har over tid skapt «vondt blod» mellom dei som kjempar for kvar si løysing på Nordmøre og i Romsdal.

No er det eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal som skal byggjast. 17. desember 2014 blir det avgjort kvar det nye sjukehuset skal ligge.

Nei, eg gruar meg ikkje til den dagen. Det vert heilt sikkert mykje arbeid framover. Og det kan bli vanskelege dilemma å ta stilling til. Det handlar ikkje om at det finst berre éi rett løysing. Det handlar om å avvege dilemma og å finne ut kva som er viktigast. Dette gler eg meg til å gå inn i, seier den nye styreleiaren.