Hopp til innhold

Lover at nytt sjukehus kjem først

– Både pasientar og tilsette skal vere trygge på at eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal blir det første byggeprosjektet i Helse Midt-Noreg, seier styremedlem Eva Vinje Aurdal.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner folk kan vere trygge på at Helse Midt-Noreg vil satse på nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

I Trøndelag kjempar dei for å få eit nytt psykiatribygg ved St. Olavs Hospital, men under styremøtet til Helse Midt-Noreg i går vart det understreka at nytt sjukehus er første prioritet.

– Eg ser at media har sådd tivil om at det nye psykiatribygget ved St.Olavs Hospital i Trondheim vil verte prioritert framfor nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, seier styremedlem i Helse Midt-Noreg, Eva Vinje Aurdal (Ap).

– Det har kanskje ført til at både tilsette i helseføretaket og folk flest har vorte litt i stuss på kva som vil skje vidare.

Fryktar at sjukehuset vert skvisa ut

Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal står øvst på prioriteringslista til Helse Midt-Noreg, men fleire fryktar at eit nytt psykiatribygg ved St. Olavs Hospital vil rokkere på prioriteringa.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) fryktar at det nye i sjukehuset i Møre og Romsdal må vike for nytt psykiatribygg ved St.Olavs Hospital i Trondheim

Foto: Trond Vestre / NRK
Marthe Styve Holte

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Marthe Styve Holte, avviser også at psykiatribygget i Trondheim vil verte prioritert framfor nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap), er blant dei som er redd det nye sjukehuset vil verte utsett.

– Vi kan ikkje kome i ein diskusjon om vi er tent med sjukehus framfor psykiatribygg eller ikke. Vi har ei prioriteringsliste og den må vi stå fast ved, seier Aasen.

Les også:

Dette tilbakeviste styreleiar i Helse Midt-Noreg, Marthe Styve Holte, under eit møte i Stjørdal i midten av februar.

– Nei, det vert inga endring i prioriteringa til Helse Midt-Noreg. Styret har allereie gjort vedtak om byggjestart av nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal. Men i tilleg skal styret ha ein prioriteringsdebatt på andre tiltak i høve til langtidsbudsjettet vårt som skal verte vedteke i juni 2013.

– Alle kan føle seg trygge på at sjukehuset kjem først

«Folkeaksjon ETT sykehus for Nordmøre og Romsdal» deler fylkesordførar Jon Aasen sin bekymring, og sendte i februar eit brev til helseminister Jonas Gahr Støre med krav om at staten må gripe inn og bestemme kvar og når det nye sjukehuset i Møre og Romsdal skal verte bygd.

Les også:

No ser Eva Vinje Aurdal igjen behov for å roe situasjonen.

– Styret har torsdag igjen stadfesta at det nye sjukehuset i Møre og Romsdal har førsteprioritet. Alle kan føle seg trygge på det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL