Hopp til innhold

– Her må vi satse på både barn og psykiatri

Folkeaksjonen «Ett sjukehus for Nordmøre og Romsdal» vil kjempe for at det blir barneavdeling på det nye sjukehuset på Hjelseti Molde. Dei ønskjer også ei godt utbygd avdeling for psykiatri.

Nytt sjukehus Molde

– Her må det bli både barneavdeling og ei fullverdig psykiatrisk avdeling meiner folkeaksjonen Ett sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Folkeaksjonen blei skipa allereie i 2005, og består at innbyggarar som meiner det er ein fordel med eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Melvin Steinvoll

Melvin Steinsvoll er pressetalsmann i Folkeaksjonen "Ett sjukehus for Nordmøre og Romsdal".

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Initiativtakarane meinte alt den gongen at det var galskap å drive med omfattande transport av pasientar mellom sjukehusa. Dette galdt for eksempel pasientar med både indre skadar og beinbrot. No får vi samla alt på ein stad, seier pressetalsmann Melvin Steinsvoll.

No er vedtaket om plassering gjort og arbeidet med planlegginga er i full gang. I november i år skal forprosjektet presenterast. Og folkeaksjonen følgjer nøye med og vil vere med på forminga av innhaldet i det nye sjukehuset.

– Ei uro om satsing på barn

Når folkeaksjonen no bed om eit møte med leiinga i Helse Møre og Romsdal med fokus på barn og psykiatri, ligg der ei uro bak. Denne uroa botnar ikkje minst i striden kring barneavdelinga i Kristiansund. Denne avdelinga har i periodar vore stengd i helgar. No er avdelinga open i helgane, men med sterkt redusert kapasitet. Framleis er planen at avdelinga skal vere stengd i påska og i åtte veker om sommaren.

Vi er i alle fall nysgjerrige på korleis dette blir. Vi kjenner godt til diskusjonen som har vore om barneavdelinga i Kristiansund. Dermed er det viktig å setje denne saka på kartet no når det nye sjukehuset skal byggjast, seier Steinsvoll.

– Positive signal

I samband med styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag blei det lagt fram planar for ein gjennomgang av tilbodet for barn på Nordmøre og i Romsdal. Styreleiar Stein Kinserdal opna der for at konklusjonen kan bli at det skal bli barneavdeling både i Ålesund og Molde.

– Dette reagerer vi svært positivt på. Barna våre må ikkje kome i den situasjonen at avstandane blir for lange. Og når vi skal bygge eit sjukehus for framtida må vi også tenkje på dei minste.

– Barnetilbodet skal konkretiserast

I dokument som er lagt fram for styret i Helse Møre og Romsdal heiter det at akuttsjukehuset skal ta imot barn og unge både til poliklinikk og dagbehandling, og for innlegging av akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom.

I planlegginga av forprosjektet i 2017 skal tilbodet til barn utformast og konkretiserast nærare. Målet er å sikre god skjerming og tilrettelegging for pasientgruppa. Tilbodet skal planleggast etter forskrift om behandling av barn i sjukehus, heiter det i dokumenta.

– Psykiatrien stemoderleg behandla

Folkeaksjonen er også uroa over stoda innan psykiatrien. NRK Møre og Romsdal har tidlegare vist at den gjennomsnittlege ventetida i psykiatrien er mykje lenger enn det kravet tilseier. Psykiatrien i Helse Møre og Romsdal slit med rekruttering og har mange ledige stillingar.

Psykiatrisk sjukdom har vore nesten stemoderleg behandla i Møre og Romsdal. Dette må vi ta fatt i. No skal vi byggje eit av dei fremste sjukehusa i Noreg. Då må vi også ta høgde for denne typen sjukdomsbilete. Vi kan ikkje ha det slik at psykiatriske pasientar går og ventar og ventar på hjelp.

Ser de teikn på at det blir satsa for smått?

Dette med kvadratmeter er no éi side av saka. Men vi ser at sjukehusinnleggingane blir stadig kortare. Med samhandlinga med kommunane er liggetida på sjukehus kraftig korta ned. Men vi må ikkje bygge ei dokkestue. No må vi satse for framtida. Vi må ha funksjonar og kvalitet som toler framtida, seier Steinsvoll.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL