Hopp til innhold

– Det kan bli barneavdeling på Hjelset

Planlegginga av nytt sjukehus på Hjelset går for fullt. Samstundes vurderer Helse Møre og Romsdal korleis spesialisthelsetenesta for barn skal vere i framtida. Resultatet kan bli at det blir barneavdeling også ved det nye sjukehuset.

Nytt sjukehus Molde

Om lag slik blir det nye sjukehuset på Hjelset. Men detaljane blir stadig endra og justert på teiknebrettet.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Onsdag fekk styret i Helse Møre og Romsdal ei orientering både om framdrifta i planlegginga av det nye fellessjukehuset på Hjelset i Molde og ei orientering om arbeidet som skal gjerast for å sjå om Helse Møre og Romsdal gjev eit godt nok tilbod til barn. Under si orientering gjorde klinikksjef Henrik Erdal det klart at det ikkje lenger er aktuelt å gjere barneavdelinga i Kristiansund til femdøgnspost. Avdelinga skal vere open kvar dag. Evalueringa vil avgjere omganget på drifta i helgar og i høgtider.

– Tenestene kan bli utført fleire stader

Det har vore strid om påske- og sommarstenging av barneavdelinga i Kristiansund, og det har spreidd seg ei uvisse om det blir barneavdeling ved det nye sjukehuset på Hjelset i Molde. No slår styreleiar Stein Kinserdal fast at analysearbeidet som no blir gjort absolutt kan føre til at det blir etablert barneavdeling på det nye sjukehuset.

styreleder Kinserdal - portrett

Styreleiar Stein Kinserdal.

Foto: Remi Sagen

– Resultatet kan fort bli at det blir barneavdeling også på det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Det er ein klar historikk på at dette blir forventa. No skal vi gjere ei grundig vurdering. Ikkje for å kome unna dette mandatet. Men vi må sikre oss at vi samla sett får eit godt tilbod i Møre og Romsdal. Vi skal sjå på tenestetilbodet i heile Møre og Romsdal. Men tenestene kan bli utført på fleire stader, seier styreleiar Stein Kinserdal.

– Planlegging følgjer tidsplanen

Og detaljplanlegginga for det nye sjukehuset er i full gang. No arbeider leiinga for det nye sjukehuset og tilpassar bygget. Ein ser på korleis ein kan unngå gjennomgangstrafikk i sengepostane, dei ser etter betre logistikk-løysingar og aukar storleiken på sengeområde.

Det er også aktuelt å samle sengeområde på færre hus. Det skal ligge store innsparingar i å samle sengeavdelingane på 2 hus i staden for tre.

– Vi følgjer tidsplanen. Vi teiknar og sjekkar at brukarane er samde med det som vert teikna. Vi får innspel frå brukarane om korleis dei vil ha det. Vi bearbeidar teikningane på nytt igjen. Slik skal det gå føre seg fram til sommaren. Det endelege forprosjektet blir presentert i november, seier Helle Jensen, prosjektdirektør for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal

Teikningane for det nye sjukehuset blir stadig justerte. Eit hovudpunkt blir å samle sengepostane på to bygg i staden for tre.

Foto: Sjukehusbygg

– Kjenner teften av betong

Helle Jensen seier ho er trygg på at prosjektet er i rute, både når det gjeld sjukehuset på Hjelset og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund. No rustar både Helse Møre og Romsdal og prosjektorganisasjonen seg for å bringe arbeidet med det nye sjukehuset vidare. Prosjektdirektøren føler ho snart kan kjenne at det luktar bygningsarbeid.

Helle Jensen

Helle Jensen er prosjektdirektør for det nye sjukehuset.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette er spennande. Vi har bemanna oss opp etter kvart som vi begynner å få teft etter betongen. Samstundes bemannar helseføretaket seg opp for å ta grep om prosessen, seier Jensen.

Medan 2014 var året for idéfasen, var 2015 og 2016 tunge planleggingsår. Her blei det skissert hovudfunksjonsprogram, delfunksjonsprogram, eit hovudprogram for utstyr og eit overordna teknisk program. 2017 blir i all hovudsak ein forprosjekt-fase, der forprosjektet skal leggast fram i november. Deretter kjem dens tore gjennomføringsfasen med planlagd byggestart i 2018 og planlagd innflytting våren 2022.

– Politikarar og brukarar kan forme innhaldet

Blant dei som er opptekne av innhaldet i det nye sjukehuset er organisasjonen «Ett sjukehus for Nordmøre og Romsdal». Dei har bede om eit møte med leiinga i Helse Møre og Romsdal, og vil spesielt ha svar på korleis barneavdelinga blir og korleis satsinga på psykiatri blir i det nye sjukehuset.

Styreleiar Stein Kinserdal seier at utviklinga i barnemedisinen og innspela frå innbyggjarane på Nordmøre og i Romsdal kan føre til at det blir barneavdeling på Hjelset.

– Av omsyn til framtidige behov, og ikkje minst den utviklinga som barnemedisinen er i, og behovet for å skape tryggleik på Nordmøre og i Romsdal, er det viktig for oss korleis vi legg endeleg design på dette. Eg er rimeleg sikker på at konklusjonen vil vere slik at både politikarar og brukarar kan vere med i denne diskusjonen, seier Kinserdal.

Evalueringa og rapporten om sjukehustilbodet til barn på Nordmøre og i Romsdal skal vere klar til 22. mai i år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL