Hopp til innhold

– Helse Midt kan ikkje stenge pressa og publikum ute

Ut frå saksdokumenta kunne det sjå ut som om Helse Midt-Noreg ville diskutere store deler av økonomien i helseføretaket bak lukka dører. Onsdag ettermiddag melder helseføretaket at det ikkje stemmer og at det berre er opplysningar i samband med forhandlingar om avtalar som kan bli haldne tilbake.

Gunnar Bodahl-Johansen

Gunnar Bodahl-Johansen har arbeidd med spørsmål kring innsyn i det offentlege i ei årrekkje.

Foto: Institutt for Journalistikk

Artikkelen er oppdatert med nye innspel frå Helse Midt-Noreg. Helse Midt-Noreg presiserer at eventuell lukking av møte og skjerming av opplysningar i første rekkje gjeld HMN sin forhandlingsposisjon i samband med anskaffelsar til ny journal-løysing (Helseplattforma). Sjå nederst i saka.

Det nye sjukehuset på Hjelset skal koste 4,1 milliardar kroner. Prosjektet er peikt ut til å vere den enkeltkostnaden som påverkar den økonomiske bereevna til helseregionen aller mest i åra som kjem.

På styremøtet torsdag legg direktør Stig Slørdal opp til at deler av saka om den økonomiske bereevna skal diskuterast bak lukka dører. Han grunngjev stenginga med offentlegheitslova paragraf 23 første ledd. Her heiter det at det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns- eller personalforvaltninga til organet.

– Gjeld berre forhandlingar

Ekspert på offentlegheitslova, Gunnar Bodahl Johansen, har arbeidd med innsyn i det offentlege i ei årrekkje. Han er tydeleg og klar på at Helse Midt-Noreg ikkje kan stengje eit møte med denne grunngjevinga.

– Nei. Denne paragrafen gjeld berre når eit offentleg organ er i ein forhandlingsposisjon. Det betyr at dette handlar om forhandling om avtalar, seier Bodahl-Johansen til NRK.

– Berre når posisjonen kan bli skadd

Eksperten på offentlegheitslova trekkjer fram fleire eksempel der eit offentleg organ kan halde unna einskildopplysningar med referanse til denne paragrafen. Dette gjeld når eit offentleg organ skal kjøpe eller selje noko. Det gjeld også opplysningar som kjem fram når det offentlege er i forhandlingar med tilsette om løn. Paragrafen kan også brukast i samband med tilsetjingar eller oppseiingar.

– Det er heller ikkje god nok grunn at det offentlege ER i forhandlingar åleine. Det må også vere slik at det kan kome ut opplysningar som kan skade forhandlingsposisjonen til det offentlege.

Bodahl-Johansen seier til NRK at diskusjonar om økonomi generelt ikkje kjem inn under denne paragrafen.

– Må ha opne dører

Diskusjonen om den økonomiske bereevna til Helse Midt-Noreg kjem rett i forkant av vedtaket om sjukehuset på Hjelset skal byggast. Bodahl-Johansen seier at slike diskusjonar skal vere opne.

– Denne typen diskusjonar skal gå for opne dører. Det er ingen ting folk er meir opptekne av enn helsa vår. Dei pengane som helseføretaka brukar på helse er ikkje pengar dei tek frå eiga lomme. Det er skattebetalarane sine pengar. All diskusjon om økonomisk bereevne skal gå føre seg for opne dører, seier han.

– Kan bli opna

Styremøte Helse Midt-Norge

Styreleiar Ola T. Strand og adm.dir Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg i styremøte i oktober 2017.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Onsdag ettermiddag mottok NRK Møre og Romsdal ein e-post frå informasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg, Tor Harald Haukås. Her framgår det at korte tidsfristar førte til at dokumenta om økonomisk bereevne blei unnateke offentlegheit. I ettertid er dokumentet gjennomgått, og er no lagt ut i ein sladda versjon.

– Når saka blir lagt fram for styret vil den frå start truleg gå i ope styremøte. Om styret ser behov for å drøfte føringar og tallstorleikar som gjeld Helseplattforma, vil det vere svært krevjande å halde fram drøftingane i ope møte. I så fall må styret vurdere å lukke møtet, med referanse til Offentleglova paragraf 23 første ledd, skriv Haukås i e-posten.

SAK 96/17 Økonomisk bæreevne Helse Midt-Norge Unntatt off.het i hht Off.lova § 23 1.ledd

Saklista til styremøte i Helse Midt-Noreg

Onsdag kveld sender informasjonsdirektør Tor Harald Haukås SMS til NRK Møre og Romsdal der han meiner at saka til NRK Møre og Romsdal er uredeleg framstilt.

– Behovet for eventuelt å lukke møtet eller å skjerme opplysningar i saksframlegg er i første rekke knytt til vår forhandlingsposisjon i samband med anskaffing av ny journalløysing (Helseplattforma), skriv Haukås.

Han legg elles til at det er uheldig at det vert framstilt som om det er usemje mellom Helse Midt-Noreg og Gunnar Bodahl-Johansen når det gjeld tolkinga av paragraf 23 første ledd i offentlegheitslova.