– Du fyller ikkje diesel på ein bensinbil

Onsdag var Ingvill Måkestad Bovim, ein av landets beste friidrettsutøvarar, i Ålesund for å snakke om jenter, idrett og kosthald.

Ingvill Måkestad Bovim

Ingvill Måkestad Bovim meiner planlegging er ein viktig del av eit kosthald. Likevel meiner ho det er viktig å ha eit naturleg forhold til helse og kosthald.

Foto: silje bjerknes / nrk

I tillegg til å vere god i idrett er Bovim nemleg utdanna ernæringsfysiolog. Onsdag var ho i Ålesund for å snakke med jenter frå 13 år og oppover og foreldra deira om idrett og kosthald.

Bovim meiner riktig kosthald er viktig for å kunne prestere i kvardagen og på idrettsbana, og hadde eit klart bodskap.

– Du fyller ikkje diesel på ein bensinbil, det same gjeld for kroppen. Ein må fylle på med riktig næring slik at ein kan gjennomføre alt ein skal i løpet av ein dag, seier ho.

– Planlegg dagen

Slankepress er noko av det idrettsutøvarar opplever innanfor idretten. Bovim trur kroppsfokuset innanfor idretten speglar det aukande fokuset som generelt finst i samfunnet. Jenter i tenåra er spesielt utsett meiner ho.

Ingvill Måkestad Bovim under 1500 meter i EM i Zürich

Ingvill Måkestad Bovim vil inspirere unge idrettsutøvarar til å ha eit sunt forhold til kropp og kosthald.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Puberteten ein sårbar alder og ein veit ikkje heilt kven ein er eller kor ein skal. Det blir lettare med alderen, seier Bovim.

Ho meiner at riktig kosthald er eit sentralt element dersom ein vil lukkast på idrettsbana.

– Det er viktig å vite kva som er riktig, og kva som er eit godt kosthald for deg. Det er ikkje snakk om å vere sunnast mogleg, men å ta smarte val rundt kva ein skal ete og når ein skal ete, seier Bovim.

Her spelar planlegging ei sentral rolle. Bovim meiner det er viktig å førebu måltid før ein reiser heimanfrå slik at ein kan halde energien oppe heile dagen utan å falle for freistingar.

– Eit tips er å pakke med seg nok mat slik at ein kan prestere gjennom heile dagen. Utan planlegging fungerer det ikkje, og ein tek fort raske og usunne val, seier ho.

– Og så er frukosten ein viktig start på dagen, held ho fram og smiler.

Mat skal vere gøy

Bovim ynskjer å vere ein god rollemodell for unge idrettsjenter og reiser rundt i Noreg for å halde foredrag om idrett og kosthald. Ho trur kunnskap om rett kosthald kan gi unge idrettsutøvarar eit betre utgangspunkt.

– Dess meir kunnskap ein har om ernæring og kosthald, dess betre val kan ein ta. Riktig kosthald gjer at ein får meir energi i kvardagen og på trening, seier Bovim.

Ho meiner det er viktig for å kunne dyrke fram nye unge talent.

– Då blir det meir gøy på trening. Det aukar lysten for å halde fram med idretten i staden for å slutte i femtenårsalderen, seier Bovim.

Likevel meiner ho det er viktig å ikkje ta kosthaldet for alvorleg.

– Mat skal vere noko gøy og positivt, ikkje berre protein, karbohydrat og feitt.

Men det er ikkje berre kosthald som er viktig. Ifølgje Bovim er fysisk aktivitet ein sentral del av eit sunt liv.

– Aktivitetsnivå har ekstremt mykje å seie. Vi sitter mykje stille og beveger oss for lite i kvardagen, då er det lett å legge på seg litt meir for kvart år som går, seier ho.

– Dersom ein greier å vere fysisk aktiv og samtidig planlegger gode måltid, vil ein kunne få eit sunnare livsstil, held ho fram.