Hopp til innhold

Svindal og Iuel har lagt baby-plan: – Eg er ei bekymra sjel

Amalie Iuel kjente det hardt i mammahjartet da ho måtte dra frå sonen Storm. Ho og kjærasten Aksel Lund Svindal har måtta legge ein plan for at alt skal gå opp.

Premiere p AKSEL - filmen om Aksel Lund Svindal

AMALIE OG AKSEL: Iuel kjenner at ho og Svindal har lagt ein god plan for sesongen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Iuel var nyleg tilbake på jobb og sprang sitt første løp etter fødselen. I comebacket skaka ho både andre og seg sjølv da ho var skremmande nære OL-kravet.

Eg kjenner jo allereie at ein vil meir, og det tenker eg eigentleg er eit sunnheitsteikn, seier Iuel til NRK.

Men der andre mødrer drar heim klokka fire etter første dag tilbake på jobb, var Iuels første jobbtur til Kenya.

Amalie Iuel intervjues etter sesongåpningen i Nairobi.

OPPTUR: Iuel smilte stort etter comebacket i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Da var det ikkje berre lett å dra frå sin litt over sju månader gamle son for første gong.

– Det blei nokre tårer

Og reaksjonen kom noko overraskande på.

– Det var veldig trist, faktisk. Eg har sett folk snakke om det tidlegare, at det var kjempetrist å dra frå barnet og så græt dei gjerne, og så tenkte eg «hæ, kan du ikkje berre kose deg med litt barnefri da?». Men det var veldig mykje tøffare enn eg faktisk hadde førestilt meg. Det blei nokre tårer der, det gjorde det, seier Iuel.

– Kva er det som gjer at det blir sånn?

– Eg veit ikkje om det er mammahjartet eller morsinstinktet eller kva det er som gjer det. Eg veit jo at han er i kjempegode hender heime hos far sin. Men eg veit ikkje om eg trur at han, ikkje kjem til å gløyme meg, men lurer på kor eg er og, ja ... Eg trur det er verst for meg, seier Iuel.

World cup alpint i Kvitfjell 2022

HOS PAPPA: Sonen Storm er hos pappa Aksel når Iuel er borte.

Foto: Erik Johansen / NTB

Men med to foreldre som ikkje har vanlege jobbar og ein liten baby, blir det nødvendigvis nokre gonger dei må reise bort. For sjølv om Svindal er idrettspensjonist, har han langt frå eit A4-liv.

Derfor har dei måtta planlegge.

Han har jo vore i toppidrettsgamet tidlegare, mykje lenger enn eg har. Så han veit jo kva beinharde prioriteringar dreier seg om, og korleis ein må legge opp ein konkurransesesong og sånne ting. Så vi har jo snakka om korleis vi skal legge opp sesongane, og korleis vi skal fordele oss med son vår, og kven som skal vere heime når og sånne ting, fortel Iuel, som mellom anna satsar mot OL og EM i sommar.

Les også Vart overraska på fødestova: – Eg vart ganske lei meg

Aksel Lund Svindal Amalie Iuel

– Eg er ei bekymra sjel

Men om Svindal må trø til meir enn viss han hadde hatt ein vanleg jobb, er svaret delt.

Både ja og nei. Eg kjenner jo at begge to ... Det er jo ingen av oss som har vanlege jobbar, så begge må gi og ta litt. Men eg kjenner eigentleg at vi har lagt ein god plan, og vi klarer å få det til å fungere veldig bra, seier Iuel.

Og ho har også lært ein ting eller to etter at ho blei mor.

Amalie Iuel ser på suvenirer i Afrika

NOKO Å TA MED HEIM: Iuel ser på suvenirar i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Eg har lært at eg kanskje er litt meir ... Eg er ei bekymra sjel. At eg fort kan bekymre meg for ting som ikkje nødvendigvis er ein fare, eller er noko farleg. Eg må ofte gå bort og høyre om han pustar og ... det blir sånne ting, da. Morsinstinktet, det er der i alle fall, seier Iuel.

Trass i bekymringane blir det nokon stunder borte frå sonen denne sesongen. Og sjølv om ho har forsona seg med det, trur ho ikkje at det kjem til å bil ei vanesak.

– Eg trur aldri eg kjem å vende meg heilt til det. Det trur eg ikkje er sunt heller. Det trur eg ikkje er bra. Eg trur det er godt å kjenne på det saknet.

null
Spiller nå
Kvestet til blods av knotter, endte opp med ti sting 00:43
Neste

Siste nytt

  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    Brandsegg
    Foto: NTB
  • Gåskjenn imponerte igjen i Vueltaen

    Ingvild Gåskjenn imponerte igjen og tråkket inn til 11.-plass på den tøffe etappen i kvinnenes Vuelta a España fredag.

    Hun hang med tetgruppen helt til bare et par kilometer gjensto av den siste bratte stigningen. Da ble det for tøft å matche tempoet til de beste, men hun kom i mål ett minutt etter etappevinner Évita Muzic.

    Den franske 24-åringen var den eneste som greide å følge nederlandske Demi Vollering i den røde ledertrøya, og hun passerte henne også på de siste metrene.

    Vollering økte med sin 2.-plass forspranget til sine nærmeste rivaler i sammendraget. Før de to siste etappene er hun 56 sekunder foran italienske Elisa Longo Borghini.

    Gåskjenn er beste norske på 15.-plass, 5.13 minutt bak lederen.

    fOJ3-7Dfrfg
    Foto: NTB
  • Foden og Shaw vant journalistpris – Ødegaard og Terland i topp seks

    Manchester City-spillerne Phil Foden og Khadija Shaw er av fotballjournalistforeningen (FWA) kåret til sesongens spillere i engelsk fotball.

    Foden fikk 42 prosent av stemmene i avstemningen om årets mannlige spiller. Han vant foran Arsenal-spiller Declan Rice og lagkamerat Rodri. Martin Ødegaard endte på fjerdeplass.

    Det er tredje gang på de fire siste årene at prisen går til en City-spiller. Erling Braut Haaland vant i fjor og Ruben Dias i 2021.

    Elisabeth Terland ble beste norske kvinne på femteplass. Hun har hatt en meget god sesong for Brighton. (NTB)

    Bpk8eLb85F0
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal