Hopp til innhold

Drenering kan redusere skade-omfanget av «tsunami»-ras

Åkneset på Sunnmøre er verdas mest overvaka skredfarlege fjell. For fjellet kjem til å rase ut i Storfjorden. No fortel sjefsgeolog Lars Harald Blikra at det kan vere mogleg å avgrense skadeomfanget.

Åkneset Fjellvåken

Fjellsprekkane i Åkneset blir større og større. Eit ras, ut i Sunnylvsfjorden, kjem til å skje. Ingen veit derimot eksakt når. På bildet er éin av overvakingsbunkerane i fjellsida.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Verken geologar eller innbyggjarar i nærleiken veit når, men Åkneset kjem til å rase ut i Storfjorden éin gong i framtida.

Åknesremna blir berre større og større, og det fjellskredfarlege fjellet er kontinuerleg overvaka. Når raset kjem, kan det ende i ein svært øydeleggjande tsunami.

No fortel sjefsgeolog i Åknes/Tafjord Beredskap IKS, Lars Harald Blikra, om eit tiltak som kan redusere skadeomfanget.

– Moglegheita er å drenere ei slik stor fjellside som Åkneset, då for å ta ned bevegelsane i fjellet, fortel Blikra.

Internasjonale prosjekt med gode resultat

Åknes/Tafjord Beredskap IKS har samarbeida med NTNU i Trondheim om ei hovudoppgåve om moglege fysiske tiltak for å redusere skadar av raset som kjem.

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra er sjefsgeolog i Åknes/Tafjord Beredskap IKS.

Foto: Tone Iversen / NRK

– Formålet var å evaluere om drenering i Åkeneset var mogleg. Internasjonalt er det gjort fleire liknande prosjekt med gode resultat, fortel Blikra.

Mellom anna i Sveits har drenering blitt gjennomført med suksess. I Åkneset, i Stranda kommune, er derimot situasjonen meir kompleks.

– Konklusjonen i augneblinken er at det finst for lite informasjon om vassnivået i fjellet. Dette sett i forhold til effekta av ei drenering.

Situasjonen blir derimot jobba med. Dersom ei drenering skjer, kan det bli mindre bevegelse i fjellet, då vatnet – flytande eller frose om vinteren – ikkje får flytte på fjellet i same grad.

Saka held fram under bildet.

Åkneset øvre bunker

I dag er Åkneset kontinuerleg overvaka. Der er flust av helikopterplattformar og fleire bunkerar. Her er den øvste bunkeren avbilda.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

– Einaste reelle fysiske tiltak

Og grunnen til jobbing inn mot ei eventuell drenering er enkel:

– Ja, i praksis er dette det einaste reelle fysiske tiltaket. Ingen andre, nasjonalt, eller internasjonalt, har funne andre tiltak for Åkneset, seier Blikra.

Ei nedsprenging av den rasfarlege fjellsida har vore evaluert, men dette vil gi for store konsekvensar. Oppfylling av fjorden, avstenging og støttetiltak har blitt for vanskeleg.

– Drenering av vatn er det som blir gjort i store fjellsider.

– Og no har vi sagt at det er behov for meir informasjon om mellom anna grunnvassnivået i fjellet. På fleire ulike stadar, meddeler sjefsgeologen.

I dag er det større beredskapssystem, omtalt som «passive» tiltak, som er einaste tiltak.

Sjå korleis eit skred på Åkneset kan gjere skade:

Video SLIK ER SKREDFAREN PÅ ÅKNESET

Her er ei TV-sak frå 2011, der skredfaren på Åkneset blir vist og simulert.

– NVE må ta ansvar for oppfølging

– Inntil no har alt fokus vore på beredskap, og på å få eit best mogleg overvakingssystem. Slik at folk kan bu trygt.

– Og vi føler at overvakinga og beredskapen er noko folk har tillit til. Eg meiner folk skal føle seg svært trygge med systemet vi har i dag, seier Blikra til NRK.no.

Åkneset - inne i revna

Her er éin av geologane i Åknes/Tafjord Beredskap IKS inne i Åknesremna.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Men dersom fysiske tiltak kan utsette, eller minske eit skadeomfang av ras drastisk, så er det sjølvsagt det beste.

– Kan ein drenere for å unngå eit stort skred, så er det spesielt då det gjev store samfunnsøkonomiske konsekvensar.

– Og generelt, dersom vi er sikre på at det kjem til å gå eit stort fjellskred, spesielt med store samfunnsøkonomiske konsekvensar, så trur eg det vil vere samfunnsøkonomisk ganske lønsamt med slike tiltak, slår Blikra fast.

Framover blir det derimot opp til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Vi har sagt at NVE må ta ansvar for oppfølging i denne saka. Dei har det statlege ansvaret.

Skredfarlege stadar i Noreg:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL