Hopp til innhold

Tsunamien som kan gi noregshistorias største evakuering i fredstid

Frykt for tsunami har gjort Åknesremna på Sunnmøre til verdas mest overvaka fjellskred. Ei storstilt evakuering skal berge innbyggjarane i dei berørte tettstadene.

Video Åknestsunami

Dersom det ustabile fjellmassivet Åkneset i Møre og Romsdal rasar ut, kan dette forårsake ei flodbølgje som vil råke fleire tettstader langs Storfjorden, blant anna Hellesylt og Geiranger.

– Vi veit at den kjem, men om det er i neste månad eller om 20 år, det veit vi ikkje, seier dagleg leiar i Åknes/Tafjord beredskap Kjell Jogerud til NRKs Schrödingers katt.

Mellom 5000 og 7000 personar bur i dei berørte områda, og kan komme til å bli evakuert når ekspertane meiner at eit skredet og den påfølgjande tsunamien nærmar seg.

Målet er å unngå ein liknande katastrofe som den som skjedde i Tafjord i 1934. Flodbølgja som vart danna då eit fjellparti raste ned i fjorden drap 40 menneske i den vesle bygda.

Over åtti meter høg bølgje

Tsunamiar utløyst av jordskjelv på havbotnen kan vere svært øydeleggjande, det har vi sett frå Japan og Thailand.

Dette trass i at bølgjene frå slike tsunamiar sjeldan når over 10 meter i høgda.

Tsunamiar forårsaka av fjellskred er i stand til å skape mykje høgare bølgjer lokalt.

Rekorden har Litjuja bay-tsunamien i Alaska i 1958 som blei over ein halv kilometer høg. Den var forårsaka av 30 millionar kubikkmeter masse som rasa ned i ein liten havarm.

Åknestsunamien er berekna til ei høgde på opptil 85 meter i Hellesylt som ligg langt inne i fjorden.

Høgda på Åknestsunamien

Tsunamien i Hellesylt er berekna til ei høgde på opptil 85 meter, noko som tilsvarer høgda av Oslo rådhus med ein leddbuss på toppen.

Foto: Illustrasjon Tuva Tagseth, NRK

Noregshistorias største evakuering

Jo mindre masse som ramlar ut, jo lågare blir flodbølgja. Likevel meiner ekspertane det blir for dyrt og for risikabelt å sprenge bort dei ustabile delane av Åknesremna.

– Faglege råd seier at det ikkje er mogleg å sprenge ned på ein trygg måte. Drenering vert utgreia, men vi har heller ikkje garanti for at det vil ha verknad, og det vil også vere svært kostbart, seier Stine Sætre som er seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Einaste løysing så langt er å setje i gong noregshistorias største evakuering i fredstid.

– Skredet vil akselerer over tid. Det kan vere eit scenario der vi har evakuert i god tid, og dette vil sjølvsagt vere kostbart, men her er det jo snakk om liv og helse, seier Sætre.

Ekspertane ved Åknes/Tafjord beredskap satsar på å få varsla befolkninga minst tre døgn før bølgja kjem.

Kjell Jogerud fortel at erfaringsgrunnlag frå andre overvaka fjellskred tyder på at det er ei langvarig akselerasjonsfase nokre veker og kanskje opptil nokre månader før skredet går.

Mest overvaka fjellskred

Med hjelp av målingar frå 150 sensorar som forskarane har montert i fjellet kan geologane på operasjonssentralen i Stranda følgje med på korleis fjellsprekken utvidar seg.

Ingen andre stader i verda er det meir ressursar til å overvake eit fjellskred enn det er her.

Målingane viser at skråninga har auka farten ned mot fjorden det siste året. Og mot det normale har den ikkje bremsa opp under vinteren.

Under snøsmeltinga utvida sprekken i fjellsida seg med om lag 1,3 millimeter på to veker.

Kan ta lang tid å flytte folk tilbake

Om ein set i gang ei evakuering kan det ta lang tid før innbyggjarane kan flytte heim igjen:

– Kanskje tar det veker, månader, kanskje tar det år før det vil vere trygt og tilrådeleg å flytte tilbake. Og det seier noko om kor vanskeleg det er faktisk å avgjere å evakuere, seier avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap Per Kristen Brekke.

– Det er med litt ærbødigheit og andektighet du forvaltar ein situasjon der det er snakk om eit vere eller ikkje vere for 5-6-7 000 menneske, seier Kjell Jogerud.

Sjå reportasjen: Tsunami i Norge