Hopp til innhold

– Det viser kor viktig skyssbåten er

På Viddal i Ørsta har bygdefolket vore isolert i fleire dagar på grunn av rasfare. Vegen er no open att, men Statens vegvesen kan ikkje garantere kor lenge det vil vare.

Nina Viddal

Nina Viddal bur på Viddal i Ørsta og er ein av bebuarane som har vore isolert på grunn av rasfaren. Dette bilete er frå då vegen blei stengt fredag.

Foto: privat

Onsdag opna fylkesveg 41 mellom Leira og Viddal etter å ha vore stengt sidan før helga. Vegen var open i ei periode måndag før den blei stengt igjen måndag kveld.

Nina Viddal bur på Viddal i Ørsta og er ein av bebuarane som har vore isolert på grunn av rasfaren.

– Det har stort sett gått veldig fint. Så lenge vi har skyssbåt så greier vi oss fint, seier ho.

Skyssbåten har tidlegare vore nedleggingstrua og Viddal håpar no at Ørsta kommune ser kor viktig skyssbåten er for lokalbefolkninga.

– Når slike ting skjer viser det kor ufatteleg viktig skyssbåten er, seier ho.

Usikkert kor lenge vegen er open

Så langt er det usikkert kor lenge vegen vil vere open. Karl Inge Vestre Hauge i Statens vegvesen fortel at forholda ser lovandes ut for dei komande dagane, men at dei ikkje kan garantere kor lenge det vil vare.

Norddal isolert etter ras

Fylkesveg 91 mellom Eidsdal og Norddal var også stengt ei periode i helga på grunn av ras.

Foto: Hilde Ljøen Melchior

– Vi ønsker sjølvsagt å ha vegen mest mogleg open, så lenge det er trygt, men det er nedbør og vindforholda som avgjer det. Vi følgjer situasjonen og vêrmeldingane tett og vurderar situasjonen frå dag til dag, seier han.

Det viktigaste er at tryggleiken til trafikantane er i fokus, seier Vestre Hauge.

– Det må vere trygt både for brøytemannskapa og for trafikantane, seier han.

Onsdag opna også fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal etter å ha vore stengt på grunn av rasfare sidan før helga.

I tillegg er fylkesveg 40 langs Dalsfjorden opna på strekninga Innelset-Åmelfoten og Steinsvika-Ytre Dale etter å ha vore nattestengt på grunn av rasfare.

Fylkesveg 91 mellom Eidsdal og Norddal var også stengt ei periode i helga på grunn av ras, men er no open for trafikk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL