Hopp til innhold

Er isolert på grunn av rasfare - mange vegar stengde

Snøskredfaren på Sunnmøre og i Romsdal er stor. På Viddal i Ørsta er bygdefolket isolerte fordi vegen er stengd.

Nina Viddal

Nina Viddal bur på Viddal i Ørsta. I dag kjem ho seg ikkje frå bygda med bil, fordi vegen er stengt.

Foto: privat

Fleire vegar i Møre og Romsdal er stengde torsdag på grunn av stor snøskredfare.

Bygdefolket på Viddal i Ørsta er ikkje ukjende med rasfare og stengde vegar.

– Heldigvis er det sett inn skyssbåt dersom det skulle skje noko, til dømes brann eller at nokon treng helsehjelp, seier Nina Viddal.

Torsdag formiddag gjekk det eit snøskred i nærleiken, over fylkesveg 41 i Skjåstaddalen. Ein bil vart sitjande fast i raset, men ingen vart skadde. Nina Viddal har berre budd i bygda i eitt år. Det er første gang ho er isolert på grunn av ras.

– Det har vore udramatisk hittil, seier Viddal. Ho høyrer buldring i fjellet innimellom frå fonner som går.

Legg ikkje ut på skitur

Snø på Urke

Snøen lavar ned på Urke i Ørsta.

Foto: Per Aage Bjørke

Per Aage Bjørke er på hyttetur i vinterferien saman med familien på Urke i Ørsta. I natt og i dag har han høyrt høge lydar frå fjella.

– Det er mykje buldring frå fjella. Det er stadig små fonner som går. Det har kome mykje våt snø og skredfaren er stor, seier Bjørke. Han og fire barn held seg ved hytteveggen, der dei lagar snømann og snøhole. Å legge ut på skitur er ikkje aktuelt.

– Det er så bratt der vi høyrer snøskreda går, at ingen går på ski der. Men uansett trur eg ein må vere forsiktig i bratte heng, seier Bjørke.

Ras i Skjåstaddalen

Torsdag gjekk det eit snøskred på fylkesveg 41 i Skjåstaddalen.

Foto: Ingvild Mork

Løyste ut skred

Ved Ørsta skisenter har skipatruljen kontrollert løyst ut eit 100 meter breitt skred. Øystein Bjørdal, som er med i skipatruljen, seier at dei såg sprekkar i snøen. Det er eit fareteikn.

– Det var betre at vi løyste ut skredet kontrollert, enn at skiløparar som ikkje er obs på faren, forvillar seg inn i terrenget og utløyser skred, seier Bjørdal.

Torsdag er skredfaren på nivå fire på NVE sin skredskala. Dette er nest høgste nivå og betyr at skiførar må rekne med å løyse ut skred dersom dei oppheld seg i utsette område.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL