Hopp til innhold

– Det handlar om å tolke fjellet rundt

Hard og kompakt snø skaper problem for brøytemannskapa på Trollstigen. Å ha lokalkjende på laget er avgjerande for å kunne opne Norges mest kjende turistveg.

Trollstigen, brøyting

Brøytemannskapa jobbar for fullt for å opne den nasjonale turistvegen Trollstigen. Men ein kald vinter med mykje vind har gjort snøen hard og kompakt. I tillegg er det framleis rasfare i området.

Foto: Håvard Jangaard strand / NRK

Det er eit av dei sikre vårteikna når Statens vegvesen leitar fram den store snøfresen og skal arbeide seg gjennom dei enorme snømengdene på den nasjonale turistvegen Trollstigen. Men det dramatiske landskapet byr også på utfordringar for brøytemannskapa. Då betyr det alt for vegvesenet å ha tilsette som kjenner området.

– Det handlar ikkje berre om kvar vegen går. Det handlar om å tolke fjellet rundt. Det er der dei største sikkerheitsutfordringane knytt til Trollstigen ligg, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnessen.

– Kunne gått vegen i søvne

David Grøvdal

David Grøvdal (74) kjenner farane ved Trollstigen godt.

Foto: HÅVARD JANGAARD STRAND / NRK

I førtifire år har den erfarne vegmannen David Grøvdal vore med på å gjere den kjende turistvegen klar for sommaren. Den pensjonerte kontrollingeniøren i Statens vegvesen gir seg ikkje sjølv om han no har blitt 74 år.

– Vegen kjenner eg godt. Eg kunne sikkert gått den i søvne, seier han lattermild.

– Men eg kjenner også alle plassane som kan vere farlege, og som vi må passe oss for, held han fram.

Rasfarleg område

Maskinane grev seg fram meter for meter. Det har vore utfordrande og hektiske dagar for brøytemannskapa. Bispefonna har gått, og det har opna for brøyting heilt til toppen og vidare mot Sunnmøre. Likevel kan det framleis gå fleire veker før vegen skal opnast.

Ole Jan Tønnessen.

Ole Jan Tønnessen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, seier dei er avhengig av lokalkjende for å få opna Trollstigen.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

– Det er store mengder is som heng i dei bratte fjellsidene. Dette må rase ned før vegen kan opnast. Det er også nokre snøfonner i fjellet som må ned, seier Tønnesen.

Også brøytemannskapa må halde nøye oppsyn med korleis snøskavlane og dei store ismengdene i fjellet oppfører seg. På veg ned dei kvasse svingane i Trollstigen må dei passere punkt som er svært rasfarleg på denne tida.

– Det er farleg om ein ikkje veit kva ein held på med. Vi kan ikkje overlate dette med skred og ras til kven som helst. Men det går fint når vi gjer gode vurderingar, seier Tønnesen.

Trollstigen
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Usikkert når vegen kan opne

Vegen brukar som regel å opne i mai eller juni. Mykje tyder på at vi må vente til slutten av mai før vegen kan opnast i år, fortel Tønnesen.

Trollstigen, brøyting

Det er framleis usikkert når vegen kan opne for sesongen.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

– Akkurat no er det for tidleg å seie. Vi har med naturen å gjere. I tillegg til at is og snø skal rase ned frå fjellsidene så kan det også kome vinter her oppe. Vi må ha garantert sommarføre før vegen kan opnast.

For den pensjonerte kontrollingeniøren, David Grøvdal, er den nasjonale turistvegen framleis like spennande etter førtifire år på jobben. Men det er likevel eit spørsmål han ikkje kan svare på etter alle desse åra.

– Og så spør folk alltid: «Når opnar vegen?».

– Ja, kva tid opnar den?

– Det kan eg ikkje svare på i dag, seier Grøvdal og ler.

Opning og stenging av Trollstigen

År

Opna

Stengd

2007

23.mai

17.oktober

2008

27.mai

4. november

2009

20.mai

23. oktober

2010

28.mai

4. november

2011

13.mai

24. november

2012

1. juni

5. november

2013

22. mai

12. november

2014

8. mai

8. desember

2015

13. mai

23. november

2016

25. mai

4. november

2017

24. mai

8. november

2018

?

?

Ekspander/minimer faktaboks

Sjå også:

Slik så det ut på Trollstigen mandag 25. april. Brøytinga er godt i gang etter en vinter med normale snøforhold for området.

Sjå videoen frå arbeidet med å opne Trollstigen i 2016.