NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Ein fekk førelegg

    Ein førar fekk eit førelegg for manglande sikring av barn i bil etter at politiet gjennomførte trafikkontroll i Gursken i dag.

  • Bil i grøfta på Ellingsøya

    Ein bil har hamna i grøfta like aust for Bjørgekrysset på Ellingsøya. Bilen er forlaten og står ikkje til hinder, men naudblinklysa er på og dermed stoppar trafikken opp. Ver oppmerksam – det er ikkje nødvendig å stoppe for denne bilen, ifølgje tips.

  • Glatte vegar i fleire kommunar

    Statens vegvesen melder om at snø, isete vegar og nullføre skaper vanskelege køyreforhold i kommunane Nesset, Gjemnes, Eide, Molde, Fræna og Aukra. Det kan vere svært glatt. Alt tilgjengeleg mannskap er ute, ifølgje Statens vegvesen.

  • Politisk kvarter klokken 07.45

    Metoo-opprydding i ungdomspartiene
  • Vil ha E39 frå Vik til Digernes

    NHO-direktør Torill Ytreberg reagerer på at rådmannen i Ålesund vil ha komande E39 over Ørskogfjellet. Valet av trasé skaper engasjement og fleirtalet av dei råka sunnmørskommunane ser ut til å lande på Ørskogfjellet som alternativ. Men Ytreberg meiner Vik-Digerneset er meir framtidsretta og tilrettelagt for næringslivet. Trasévalet er tema for eit folkemøte på Gomerhuset i Skodje i kveld.

    Torill Ytreberg
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Mykje hogst i skogen i fylket

    Gode vinterforhold med snø og kulde gjer at det er høg aktivitet med mykje hogst i skogen i fylket. I fjor gjekk hogsten ned med 12 prosent til 287 000 kubikkmeter etter ein rekordsesong året før, viser tal frå fylkesmannen. Fylkesskogmeister Åsmund Asper seier vinteren så langt har gitt ein god inngang for hogsten i skogen i fylket.

    Fylkesskogmester Åsmund Asper
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Distriktsnyheter fra Møre og Romsdal.
Radiosendinger fra Møre og Romsdal
Laster innhold, vennligst vent..