Hopp til innhold

Kamilla (29) opplevde alle utleigarar sitt mareritt: – No har vi lært

Leilegheita Kamilla Berknes og sambuaren leigde ut blei øydelagt, og pengane som går med til oppussing er det ikkje sikkert dei får igjen.

Kamilla Berknes står inne i leiligheten som de nå må pusse opp, igjen.

ØYDELAGD LEILEGHEIT: Kamilla Berknes og sambuaren Christian Grytten si utleigeleilegheit blei rasert av leigetakaren. No oppfordrar dei også andre til å skaffe seg utleigeforsikring.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Dei små hola du ser der, der pilla eg ut luftgeværkuler. Det er unødvendig å skyte med luftgevær i ei utleigeleilegheit.

Det seier Kamilla Berknes. Ho og sambuaren har leigd ut i fleire år, til fleire leigebuarar, men dei har aldri opplevd noko liknande.

12. januar var første gongen dei så leilegheita si etter at den forrige leigetakaren hadde blitt kasta ut av namsmannen.

Kva tenkte de?

– «Fy faen», svarer ho og ler oppgitt.

Kamilla Berknes og Christian Grytten inne i leiligheta.

Kamilla Berknes og sambuaren Christian Grytten seier dei no har lært leksa si.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Møblar med knivhol

Det var etter at styreleiaren i sameiget tok kontakt at dei blei bekymra. Leigetakaren hadde heller ikkje betalt leige, og då tok dei grep.

Det første som møtte oss var ein sofa på halv åtte, hol i taket, møblane stod her med mange knivhol i, kjøkkenet såg forferdeleg ut, det var sprøyter på badet, det var skitent... Det var ekkelt, seier Berknes.

Men samtidig, det er trist for oss, men det er òg trist at nokon har budd slik som dette. Eg hadde ikkje klart å bu slik.

Ho og sambuaren ser for seg at dei må ut med nærare 70.000 kroner for å fikse leilegheita.

Vi har rive opp golvet no. Alle møblane er kasta fordi dei var øydelagde. Benkeplata på kjøkkenet var øydelagt. Det som er igjen er det vi tenker vi kan redde.

Og pengane dei må ut med, er det ikkje sikkert dei får igjen.

– Viktig med utleigeforsikring

Anders Leisner, advokat ved Huseiernes Landsforbund, seier pengane kan vere tapte.

– Viss du blir utsett for ei skikkeleg ramponering, er det ikkje lett å få igjen noko frå ein leigar som kanskje i utgangspunktet ikkje har så mykje pengar. Då kan det fort vere eit tapt beløp.

Han anbefaler derfor folk som skal leige ut å ta eit skikkeleg depositum eller garanti.

– Men så kan ein teikne ei utleigeforsikring òg, som kostar omtrent ein tusenlapp i året. Den vil dekke eventuelle skader utover depositumet, opp til ein ganske stor sum.

– Viss dei hadde hatt ei utleigeforsikring, hadde dei stilt mykje betre, seier advokaten.

For viss ein ikkje har ei utleigeforsikring på utleigebustaden, så er ikkje noko dekt av forsikringa. Då må du ta tapet sjølv, forklarer Leisner.

Kamilla Berknes ser på skadene i leiligheten.

Dei har berga det dei kunne av kjøkkeninnreiinga, så dei skal sleppe å kjøpe alt nytt.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Og det er noko sambuarparet skal skaffe seg.

Utleigeforsikring, det skal vi ordne til neste gong, seier Berknes og ser på sambuaren.

Litt større forholdsreglar må vi ta, ja. Vi må ta den kostnaden, svarer han.

No har vi lært, konstaterer Berknes.

Her er dei viktigaste tipsa advokaten har til framtidige utleigarar:

  1. Ha ei skriftleg avtale der du bestemmer deg for kor lenge dette leigeforholdet skal vare. Leiger du ut ei leilegheit, er minstetida for eit leigeforhold tre år, med visse unntak. Det er viktig å ha eit bevisst forhold til kor lang tid ein ønsker leigeforholdet skal vare.
  2. Det er viktig å ha ei god sikkerheit, eit depositum eller garanti, som sikrar deg mot tap.
  3. Det er viktig å teikne ei utleigeforsikring, slik at du er forsikra mot større tap, som ikkje blir dekt av depositumet.
  4. Det er viktig å sette seg godt inn i reglane på førehand. Dette er ein marknad ein blir ein aktør i. Det er viktig å kjenne til reglane som gjeld for den marknaden. Eit kurs i husleigelova før ein går i gang er absolutt å anbefale.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL