Hopp til innhold

82 utanlandske arbeidarar har testa positivt for korona – politiet har oppretta undersøkingssak

VESTNES (NRK): Alle arbeidarane viste fram negative koronatestar då dei kom frå utlandet. Kort tid etter fekk 82 av dei påvist koronasmitte.
– Urovekkjande historie som viser at kontrollregimet ikkje fungerer, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Koronatest

Koronatesten som blei utført 7. januar viste at den 51 år gamle mannen ikkje hadde korona. Nokre få dagar seinare i Noreg, viste testen eit anna resultat.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Brakkene står tett i tett i industrikommunen Vestnes. Bak grå vegger har dei koronasjuke arbeidarane budd dei siste vekene i isolasjon og karantene.

Nyleg kom dei og nesten 1000 andre over grensa til Vestnes etter juleferien. Alle hadde testar som var stempla og signerte i heimlandet, og viste same resultat: ingen smitte. Men få dagar seinare har 82 av dei testa positivt for korona.

Dette er det største utbrotet av utanlandske smitta i nokon kommune i landet etter jul. Ingen kan førebels seie kva som er grunnen til at det er så stort skilje mellom testresultata i utlandet og her i landet.

Geir Inge Lien

Ordførar Geir Inge Lien (Sp) seier han forstår at folk lurer på korleis det går an at så mange som 82 arbeidarar først testar negativt i heimlandet, og deretter positivt i Noreg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Eg syns det er litt merkeleg, men eg har ikkje noko anna å forhalde meg til enn dei opplysningane eg har fått, seier ordførar Geir Inge Lien (Sp).

– Men forstår du at folk lurer?

– Ja, det forstår eg veldig godt, seier han.

Det bur under 7000 menneske i Vestnes. Av dei 83 som er registrert med smitte etter jul, er berre ein fastbuande, resten er tilreisande til Vestnes og til nabokommunen Ålesund. Dei kjem frå land som Polen, Litauen, Italia og Romania.

350 kroner for ein falsk test

NRK fortalde måndag at det tok to timar og kosta 350 kroner å bestille ein falsk koronatest. Nye teledata viser også at mange som kom frå Polen og Litauen etter jul ikkje testa seg i det heile tatt då dei passerte grensa, slik dei skulle.

– Men vi veit jo at det er ein marknad for å forfalske testar også. Men akkurat kven av desse som har vore reelle og faktiske her, har eg ikkje hatt tid til å spekulere i, seier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.

Møte i kriseleiinga i Vestnes

Kriseleiinga i Vestnes er oppteken av at dei utanlandske arbeidarane som har vore sjuke, ikkje blir stigmatiserte og utsette for ubehagelege situasjonar når dei kjem ut igjen i samfunnet etter isolasjon og karantene.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Testar NRK har sett frå Vestnes er stempla og underskrivne med namna til det som skal vere lokale legar i heimlanda Polen, Litauen, Romania og Italia. Mange er ulike, men inneheld det viktige ordet «negativ».

Relling Bredeli syns det er viktig å understreke at fleire av dei smitta har blitt positive først ved andre test, fleire dagar etter at dei kom til Noreg. Dermed kan dei ha vore negative i heimlandet, og så blitt smitta i etterkant, på reisa eller etter å vere komne til Noreg.

Vurderer å starte politietterforsking

Men dei 82 negative koronatestane ligg no hos det lokale politiet. Dei har oppretta det dei kallar ei undersøkingssak, men seier dei ikkje mistenkjer at testane er falske. Det er difor ikkje starta formell etterforsking, og dei har ikkje tatt kontakt med nokon av legane eller laboratoria som skal ha skrive ut testane.

Politioverbetjent Vebjørn Bale i Vestnes.

Politioverbetjent Vebjørn Bale i Vestnes seier politiet no vurderer å starte etterforsking, men dei mistenkjer førebels ikkje at testane frå utlandet er falske.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det vil nok bli gjort eit arbeid i ettertid, men akkurat no har hovudfokuset til politiet vore å handtere smittevernreglar og rutinar som gjeld i Noreg, seier politioverbetjent Vebjørn Bale.

– Men burde ikkje de vore meir offensive?

– Jau, det kan ein seie, men dette handlar om å prioritere. Det er ikkje desse attestane som vil forhindre ei smittespreiing i størst mogleg grad. Det viktigaste er korleis folk handterer situasjonen når dei kjem inn i landet, og dei som passerer grensene skal i karantene, og det er viktigast, seier han.

– Urovekkjande

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre er uroa over situasjonen i Vestnes, og hevdar det beviser at regjeringa ikkje har kontroll.

Jonas Gahr Støre

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier smitteutbrotet i Vestnes viser at kontrollen med importsmitte ikkje fungerer.

Foto: Sidsel Vik / NRK

– Det er ei urovekkjande historie om at kontrollen med importsmitten ikkje fungerer som det skal. Her er kanskje ein av ti smitta, så her fungerer rett og slett ikkje kontrollregimet ved grensa, seier han.

– Kvar kan det ha svikta?

– Det er ikkje godt for oss å seie, om det er falske bevis, om nokre går rett forbi prøvene, eller om det ikkje blir tekne skikkelege prøver ved grensa, seier han.

Gahr Støre meiner dette er eit paradoks samtidig som barn og unge må vere heime frå fritidsaktivitetar og treningar for å halde smitten nede.

Håper dei blir godt tatt imot i bygda

Industrikommunen Vestnes er heilt avhengig av dei utanlandske arbeidarane for å halde produksjonen i gang. Dei siste dagane har fleire av dei som testa positivt sleppt ut av karantene og er friskmelde.

Kriseleiinga i kommunen er urolege for om dei som har vore sjuke, kan bli utsette for stigmatisering og ubehagelege situasjonar når dei skal ut igjen i samfunnet, på butikkar og i sosiale lag. Ordføraren håper dei vil oppleve at dei kan gå fritt rundt, som andre.

Ja, det håper eg. Eg opplever Vestnes-samfunnet som eit tolerant samfunn, så det trur eg dei kan gjere. Men på lik linje med andre ber eg om at dei held den to meters avstanden som skal til, seier han.

Vestnes kommune

Det er registrert 83 koronasmitta i Vestnes etter jul. Ingen annan stad i landet er så mange arbeidsinnvandrarar smitta.

Foto: Synnøve Hole / NRK