Hopp til innhold

Ber utanlandske arbeidarar i karantene om å droppe butikken

30 gjestearbeidarar har fått påvist koronasmitte i Vestnes. No ber kommunenen arbeidarar om å ikkje gå i butikken under innreisekarantene

Mellom 20 og 30 gjestearbeidarar har fått påvist koronasmitte i Vestnes.

30 testa positivt på covid-19, sjølv om dei har dokumentasjon på negativ test før avreise.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Det er frykt i skipsbyggarkommunen Vestnes for at utanlandske gjestearbeidarar skal spreie koronasmitte.

Dei siste dagane har om lag 1000 utanlandske arbeidarar kome heim frå juleferie. Desse sit i karantene, men ifylgje nasjonale retningsliner kan dei gå i butikken eller ut i naturen, så lenge smittevernreglane blir følgt.

– Eg får meldingar frå lokalbefolkninga om at dei er bekymra, seier ordførar Geir Inge Lien (Sp).

Møte med næringslivet

30 testa positivt på covid-19, sjølv om dei har dokumentasjon på negativ test før avreise.

Kriseleiinga i Vestnes var samla måndag og bestemte at dei ikkje vil innføre ei eiga lokal forskrift for arbeidarane i karantene, men dei kjem med ei oppmoding.

– Vi vil anbefale alle som sit i karantene om å ikkje gå på butikken, men at maten blir handla inn for dei, seier Lien. Dei anbefaler også generelt folk om å bruke munnbind på butikkar og i kollektivtransport. Onsdag kallar dei inn næringslivet til møte.

Får ikkje gå på butikken

Verftskonsernet Vard har 800 arbeidarar som har kome frå utlandet. Kommunikasjonssjef i Vard, Hege Akselvoll, seier at dei har innført strengare tiltak enn dei nasjonale reglane.

– Vi aksepterer ikkje at dei går på butikken. Skulle arbeidarane ha behov for meir enn det dei får servert, utfører vi den tenesta for dei, seier Akselvoll. Arbeidarane bur i einerom på brakker og der er det vakthald. I tillegg til koronatesten dei må ta i heimlandet, blir dei testa ytterlegare to gongar i Noreg. Bedrifta har eige helsepersonell.

Hege Akselvoll

Hege Akselvoll er kommunikasjonssjef i Vard.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

– Vi ser at det blir spekulert i om dokumentasjonen frå heimlandet er falske. Så langt har vi ikkje avdekt falske testar, seier Akselvoll. Ho trur at arbeidarane kan ha blitt smitta på reisa.

Hilde Mari Hovde

Hilde Marie Hovde er ikkje red for å bli smitta på butikken.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Utanfor butikken i Vestnes fortel folk at dei er lite redd for smitte frå gjestearbeidarar. Hilde Marie Hovde er ein av dei og understrekar at ho synest Vard verkar som dei har god kontroll. Et forbod mot å handle når man er i innreisekarantene trur ho likevel kan vere lurt.

– Det kan kanskje få folk til å føle seg tryggare. I tillegg slipp gjestearbeidarane å få skylda for å smitte andre, seier ho.

Vil ha fleire norske arbeidarar

Ordførar geir Inge Lien (Sp) i Vestnes

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp), er oppteken av at utanlandske arbeidarar ikkje skal smitte lokalbefolkninga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ordførar Lien synest næringslivet gjer ein god jobb med å hindre smitte og at dei tar smittevernreglane seriøst. Sjølv skulle han ynske at industrien ikkje var så avhengige av utanlandske arbeidarar.

– Eg legg ikkje skjul på at eg ynskjer å få på plass fleire lokale, norske fagarbeidarar. Vi må få fleire ungdomar til å velje den retninga, seier Lien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL