Hopp til innhold

10 000 er venta til jubileumsfestival

Det kan fort bli stinn brakke når Bjørnsonfestivalen opnar i dag. Dette er den 25.festivalen i rekka, og særleg til gratisarrangementa ved utescena ved kulturhuset Plassen er det venta mykje folk.

Fullt i trappa ved Plassen under festivalen i 2015

Festivalledelsen håper det skal bli vel så fullt som i fjor.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Totalt er det rekna med rundt 10 000 besøkande, og så langt er det selt rundt 6500 billettar til litteraturopplevingane.

– Det blir nokså heftig når alle aktørane kjem, dei første har allereie kome. 130 personar skal kome og samtlige skal bli møtt og ønskt velkomne, fortel dagleg leiar og festivalsjef Johild Kosberg Bredin.

Berre timar før opninga vedgjekk både ho og styreleiar Arvid Blindheim at det er relativt høgt stressnivå.

Styreleiar og dagleg leiar for Bjørnsonfestivalen

Styreleiar Arvid Blindheim og dagleg leiar Johild Kosberg Bredin trippar etter å kome i gang med årets Bjørnsonfestival.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det blir alltid det når så mange personar skal i sving samtidig, og så mange kunstnarar som skal bli tatt godt vare på. Men eg vil kalle det positivt stress, smiler festivalsjefen.

Festivalens høge beskytter

Ein som naturleg nok blir tatt spesielt godt vare på, er festivalens høge beskytter. Prioritet nummer ein er kronprins Haakon.

– Det er under full kontroll. Ikkje minst i samarbeid med fylkesmannen og politiet. Kronprinsen skal raskt i aksjon, for han deltar under opninga og skal også halde tale på opningsarrangementet, fortel Kosberg Bredin.

– Det var ei stor glede då kronprins Haakon melde sin ankomst, og vi ser fram til at det er nettopp han som skal opne jubileumsfestivalen, seier styreleiar Arvid Blindheim.​

Mykje folk på Plassen

Naturleg nok er det venta mest folk til gratisarrangementa ved utescena ved kulturhuset Plassen. Men det har også vore stor interesse for Europaseminaret på Plassen i Molde og litteraturcruiset på Eikesdalsvatnet i Nesset.

Ifølge festivalleiinga er i nteressa veldig god, og billettsalet har godt jamnt og trutt dei siste vekene.

Eikesdalsvatnet

Mange har kjøpt billettar til litteraturcruiset på Eikesdalsvatnet.

Foto: Contrast Adventure

– Slik det ser ut no så sel vi jamnt godt på svært mange av arrangementa, så eg ser for meg at vi kan få opp i mot fulle hus på mange av forestillingane. I tillegg har vi gratisforestillingane ute i form av folketalar, seier styreleiaren.

Blindheim reknar med at totalen blir rundt 10 000 publikummarar, noko som er på nivå med dei siste par åra.

Europaseminaret

«Kvar går Europa?» er eit hovudtema for årets Bjørnsonfestival. Og det er eit tema som ser ut til å ha treft interessa til festivalgjengarane.

– Til det før nemnde Europaseminaret er det heilt utselt. Det viser at dette er eit aktuelt tema, og også at dei som skal snakke om dette også har vekt interessse, seier Kosberg Bredin.

Festivalsjefen fortel at dei prøver å ha både smale og breie programtilbod. Slik kan det bli litt for nokon kvar.

– Men kva er smalt og kva er breidt? Mi oppfordring er at folk oppsøker ting dei ikkje er heilt skråsikra på kva er - for det er vel spennande?