Hopp til innhold

Europa i sentrum på Bjørnsonfestivalen

Programmet for årets Bjørnsonfestival vart presentert i Molde i dag. I år er det Tyskland og Europa som blir hovudtemaet under festivalen.

Angelika Klussendorf

Den tyske forfattaren Angelika Klüssendorf vitjar Bjørnson-festivalen.

– For oss er det internasjonale perspektivet viktig for å gi oss eit særpreg. Vi ser jo at Europa er i ei uroleg tid. Det er mange ting som gjer at vi snakkar om eit Europa i krise, seier festivalsjef Johild Kosberg Bredin om valet av tema for festivalen.

Europaseminar

Det blir eit eige europaseminar, leia av tidlegare NRK-profil Christian Borch. Der skal også professor Unni Vikan snakke om innvandringa sin påverknad på Europa, medan Edvard Hoem fortel om Bjørnstjerne Bjørnsons Europa.

– Vi har prøvd å finne dei mest spennande fokusa i litteraturen på Europa og særleg Tyskland, som er ein veldig spennande og sentral aktør, seier Kosberg Bredin.

Mangeårig Berlin-korrespondent Ingrid Brekke kjem til festivalen for å halde eit føredrag om forbundskanslar Angela Merkel, det same gjer NRKs litteraturmeldar Knut Hoem, som blant anna har skrive reiseguidar om Berlin. Den tyske forfattaren Angelika Klüssendorf gjestar også festivalen, med romanane "Jenta" og "April", som handlar om å vekse opp i DDR.

Ny festivalsjef

Johild Kosberg Bredin

Årets festival er den første for festivalsjef Johild Kosberg Bredin.

Foto: privat

Bjørnsonfestivalen er den 24. i rekka, og går frå 7.-11. september.

– Festivalen skal vere ein kombinasjon av det dagsaktuelle og dei store linene - både framover og bakover, seier Kosberg Bredin.

Årets festival er den første for festivalsjefen. Ho har bakgrunn som musikar og pedagog, og har jobba med kultur i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Festivalsjefen er oppteken av å knyte ulike kunstformer saman, sjølv om hovudfokuset i Bjørnsonfestivalen skal ligge på litteratur.

– Det vil eg seie at Bjørnsonfestivalen har klart dei siste åra, og det bidreg vel til at det har vorte den breiddefestivalen som den er, seier Kosberg Bredin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL