Hopp til innhold

MFK og KBK har tatt leiinga

Kristiansund BK har tatt leiinga i sin første kamp etter å ha rykt opp igjen til eliteserien. Etter 13 spelte minutt sette Ruben Alte ballen i mål for KBK. Stillinga til pause er 0–1 mellom Lillestrøm og KBK.

Molde Fotballklubb leiar 1–0 over Strømsgodset når dei to laga no har gått til pause. Scoringa var det MFK-spelar Eirik Hestad som stod for etter 24 spelte minutt.

I 1. divisjon er det så langt mållaust i kampen mellom AaFK og Stabæk etter 45 spelte minutt. AaFK startar klart best og held trykket oppe lenge, men sjølv om sjansestatistikken viser 4–0 favør AaFK står det framleis 0–0 på resultattavla.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL