Hopp til innhold

Rapport er forseinka igjen

Rapporten etter Viking Sky-havariet på Hustadvika i 2019 er framleis forsinka. Ifølge Dag Liseth, som er leiar for Sjøfartsavdelinga i Havarikommisjonen, er alle tekniske undersøkingar no klare, men rapporten skal ut på høyring i inn- og utland og blir ikkje offentleg før i mai/juni.

Cruiseskipet fekk motorstopp i uvêr på Hustadvika og gjekk nesten på grunn. 1373 personar var om bord i skipet og det blei sett i gong ein redningsaksjon.

Den endelege rapporten skulle vere klar før jul og har blitt utsett fleire gonger. Tidlegare har forklaringa på forseinkinga vore koronapandemien. Normalt skal slike rapportar vere klare eitt år etter ei skipsulykke.

Viking Sky
Foto: Åse Grete Farstad