Hopp til innhold

Rapport er forseinka igjen

Havarikommisjonen treng endå meir tid til å finne årsaka til at cruiseskipet Viking Sky mista motorkrafta på havstrekninga Hustadvika i mars 2019. Skipet hadde 1373 personar om bord og var nær å gå på grunn. Ein stor redningsaksjon blei sett i gang og fleire hundre passasjerar blei evakuert frå skipet.

Den endelege rapporten skulle vere klar i haust, men Statens Havarikommisjon opplyser no at den nok ein gong er forseinka og truleg kjem først over nyttår.

Væskeforflytting i smøreoljetankane var ein av teoriane kommisjonen skulle undersøke nærare. Då skipet mista motorkraft hadde mannskapet om bord fått 18 alarmar om lågt oljenivå. Alle alarmane blei kvittert ut.

Viking Sky
Foto: Åse Grete Farstad

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL