Hopp til innhold

Samla inn 3,5 tonn plast

Festivaldeltakarane på Sommerfesten på Giske som var i helga, samla inn 3,5 tonn med plast. På årets festival kunne ein betale med plastdugnad som billett, og rundt 500 vaksne og barn valde å denne løysinga. – Vi er kjempenøgde. Folk har gjort ein superinnsats, og eg vil takke alle, seier festivalsjef Ante Giskeødegård, som vil vidareføre ordninga. Plasten vil gå til gjenvinning, i tillegg til at festivalen lagar ein kunstinstallasjon frå noko av det.

Plast Sommerfesten på Giske
Foto: Elias Storøy