Hopp til innhold
Sommerfesten på Giske
Foto: Lena Høyberg / NRK

Sommerfesten på Giske

Oppsummert

Ein årleg festival på Giske utanfor Ålesund, som blei arrangert for første gong i 2003. Då var det berre ein vennefest i fjøra. Sommerfesten er ein såkalla spleisefest. Du ikkje kjøper billett, men kan velje kor mykje du vil bidra med.

  • Endrar «Sommerfesten på Giske»

    Momentium endrar «Sommerfesten på Giske» til ein reindyrka familiefestival. Det skriv festivalarrangøren i ei pressemelding. – Det er eit variert og veksande tilbod innanfor konsertar og festivalar til vaksne og ungdom i regionen. I år satsar vi på barna, og Sommerfesten ein familiefestival med masse aktivitetar, seier Ronny Stokke i Momentium. Festivalen skal halde fram som ein spleisefest. Besøkande på festivalen vel om dei vil gi ei pengegåve, mat eller samle inn plast.

    Ava (3) bygger tårn på Sommerfesten på Giske
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Samla inn 3,5 tonn plast

    Festivaldeltakarane på Sommerfesten på Giske som var i helga, samla inn 3,5 tonn med plast. På årets festival kunne ein betale med plastdugnad som billett, og rundt 500 vaksne og barn valde å denne løysinga. – Vi er kjempenøgde. Folk har gjort ein superinnsats, og eg vil takke alle, seier festivalsjef Ante Giskeødegård, som vil vidareføre ordninga. Plasten vil gå til gjenvinning, i tillegg til at festivalen lagar ein kunstinstallasjon frå noko av det.

    Plast Sommerfesten på Giske
    Foto: Elias Storøy
  • Blir utvida til to dagar

    Sommarfesten på Giske blir utvida frå éin til to dagar. Laurdag 29. juni blir det dag- og kveldsarrangement for dei over 18 år, medan det blir familiedag søndag 30. juni. Mellom artistane som er booka så langt er Kristian Kristensen, Hollywood, Nils Petter Molvær, Moddi, Mahogni og Isak Shorty.

    Sommerfesten på Giske 2017
    Foto: Aleksander Båtnes / NRK
  • Sommerfesten er i gang

    Sola har tittet fram på festival området på Giske. Med masse musikk fra scena og elleve barneaktiviteter er det full aktivitet på festival området. – Hittil har det møtt opp over 5000 mennesker og vi regner med fler utover kvelden, sier Eldar Berg

    Sommerfest på Giske
    Foto: Remi Sagen / NRK