Hopp til innhold

Dom i dykkarulykke oppheva

Frostating lagmannsrett opphevar dommen etter dykkarulykka utanfor Smøla hausten 2014. Ein dykkar omkom under fangst av kamskjel, og den daglege leiaren i firmaet der han arbeidde, blei i fjor frifunnen i Nordmøre tingrett for brot på arbeidsmiljølova. Saka blei anka til lagmannsretten som har oppheva tingretten si avgjerd, fordi dei meiner at bruken av lova dommen baserer seg på er uriktig. Det blir då opp til statsadvokaten om dei vil køyre ei ny runde i Tingretten. Advokatfullmektig Leonard Nesdal, representerte den tiltalte mannen i ankesaka. Han seier dei ikkje har tatt stilling til om dei vil anke avgjerda.