NRK Meny
Normal

- Framtida er trygga

Leiar for folkeaksjonen for Volda Sjukehus, Jon Aasen, rosar styret i Helse Midt-Noreg.

Jon Aasen
Foto: Trond Vestre / NRK

Styret vedtok i dag at helseføretaka sjølve skal avgjere framtida til føde- og akuttavdelingane.

Aasen meiner framtida til Volda sjukehus dermed er trygga.

- Eit klokt vedtak

- Det var klokt. Det betyr at Volda sjukehus kan forhalde seg til det lokale helseføretaket sitt vedtak tidlegare denne veka, og det vedtaket var veldig bra for Volda, seier Jon Aasen.

- Betyr det at sjukehuset i Volda er berga?

- Ja, eg ser sånn på det. dersom vedtaket om Nordjordeid sjukehus blir ståande så bør ein absolutt sjå på tilbodet for dei fødande i Nordfjord i forlhold til sjukehuset i Volda, seier Aasen.

Sjukehuspolitikk

Spørsmålet no er om sjukehuset i Volda kan bli eit lokalsjukehus for Søre Sunnmøre og delar av Sogn og Fjordande.

- Det kan bli det, men det er vanskeleg å seie. Dette er sjukehuspolitikk på eit høgt plan. Eg går ut fra at Førde vil kjempe for å få mest mogleg til seg. Men publikum i Nordfjord skal og høyrast, og dei fødande sin korte veg til Volda går eg ut fra blir tatt omsyn til, seier Jon Aasen.