Som hovudregel skal det, ifølgje forslaget, vere berre ei fødeavdeling i kvart helseforetak. I Møre og Romsdal blir det dermed lagt opp til at det skal vere to fødeavdelingar. Geografiske forhold skal imidlertid tilleggast vekt når tilbodet til fødande skal utformast, heiter det i forslaget.
Gamle Molde sjukehus skal få avløysing.
Foto: Odd Sørås / NRKPlan for nytt sjukehus i Molde.
Foto: Illustrasjon: Team Molde arkitekterFakkel for sjukehuset i Volda.
Foto: Håvard KarlsenSjukehuset i Ålesund får døgnberedskap for sjuke barn.
Foto: NRKSt.Olavs hospital i Trondheim spelar ei viktig rolle for sjuke også i Møre og Romsdal.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIXI rapporten blir det ikkje sagt noko om kva sjukehus som skal overleve og ikkje. Men situasjonen for sjukehuset i Volda blir spennande å følgje med på. Det same gjeld ikkje minst prosessen kring sjukehusa i Molde og Kristiansund.
I forslaget blir det presisert at det ikkje skal gjennomførast endringar i fødetilbodet førden regionale planen er vedteken og godkjend av Helse- og omsorgsdepartementet.
Føde-samarbeid i sør
I planen blir det lagt opp til at arbeidet med å få til eit samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde. Det mest aktuelle er eit samarbeid om fødetilbodet, der Volda tek over fødslar frå Nordfjord. Denne avklaringa avheng mellom anna av framdrifta i strategiarbeidet i Helse Vest.
Samling i Nordmøre og Romsdal
Styret for Helse Nordmøre og Romsdal HF har vedteke å samle fødetilbodet og akuttkirurgien i foretaket. I planen som blei lagt fram i dag blir dette knytt opp mot prosessen om ei avklaring av den framtidige sjukehusstrukturen i foretaket. I påvente av resultatet av denne prosessen blir det ikkje gjennomført funsksjonsfordelingstiltak i Helse Nordmøre og Romsdal.
Døgnberedskap for barn til Ålesund og Trondheim
Døgnberedskapen for sjuke barn skal etter planen leggast til Ålesund og Trondheim. Administrerende direktør meiner at omsynet til kvaliteten og robuste vaktordningar gjer at det er naudsynt å samle døgnberedskapen på færre avdelingar.
Avdelingane ved St. Olavs hospital og Ålesund sjukehus skal ha eit særskilt ansvar for kompetansestøtte i regionen.
Beredskap for oljeverksemda
Helse Midt-Noreg er i dialog med Petroleumstilsynet om korleis beredskapen med omsyn til verksemda på sokkelen og landanlegga skal takst i vare. I planen går det fram at Helse Midt-Noreg er opptekne av å skape ein tilfredsstillande beredskap. Her skal helseregionen ta utgangspunkt i ein rapport som blei laga i år 2000.
Administrerande direktør skriv at det er viktig at det kjem ei avklaring på korleis bereskapen skal ivaretakast før det blir endelege vedtak om sjukehusstrukturen.
Pressekonferansen går føre seg no. NRK oppdaterer etter kvart som materialet blir presentert.