Hopp til innhold

- Trist at fødande blir skremde med feilinformasjon

– Vi er komne til vegs ende med føden i Lærdal. Den er fagleg uforsvarleg, dyr og har få fødslar.

Knut Cotta Schønberg og Reidun K. Halland.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg og Reidun K. Halland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dette sa kommunelege i Luster og Helse Førde-styremedlem Knut Cotta Schønberg i sitt innlegg under den avgjerande omstillingsdebatten på Helse Førde sitt pågåande styremøte i Førde.

– Skremselspropaganda

Han er opprørt over det han kaller skremselspropaganda når det gjeld fødeberedskapen.

– Eg høyrer spesielt jordmørder er redde for at det skal bli fleire transportfødslar. Men dette er ein faktafeil. Tala viser at det blir ikkje fleire transportfødslar sjølv om ein legg ned fødestover. I Norge er det berre ca 200 slike kvart år. Eg er ikkje redd for at det skal blir fleire transportfødslar, sa kommunelegen.

Han tykkjer det er trist at folk blir skremde opp.

- Det er leit å høyre gjennom media at unge vurderer å la vere å flytte hit på grunn av fødetilbod, sa Cotta Schønberg.

Ikkje pengar til overgansperiode

Han kan ikkje sjå at styret kan vedta noka anna enn den såkalla modell 1, som inneber full nedlegging av føden i både Lærdal og ved Nordfjord sjukehus.

– Men eg ser at det er politiske signal om at vi må gå for modell 2 i ein periode. Eg ser derimot ikkje at vi har økonomi til dette. Vi må jo sågar be eigarane våre tynt om å få invistere i utstyr.

– Urealistisk akuttilbod

Styremedlemmet frå Luster kan heller ikkje sjå at det er realistisk å oppretthalde eit fullverdig akuttlilbod ved lokalsjukehusa.

– Det skal mange vaktlag til for 107.000 innbyggjarar. Berre sju prosent brukar helsetenestene i fylket, sa Knut Cotta Schønberg.

Han nytta også høvet til å komme med ei kraftsalve mot politikarane.

– Det er ansvarsfråskriving frå sentrale styresmakter. Eg ønskjer meg meir ansvarleggjering frå regjering og storting.

– Folk må skjerpe seg

Styremedlem Reidun K. Halland retta i sitt innlegg også kritikk til innbyggjarane i Sogn og Fjordane som i ei årrekkje har krangla om sjukehusstrukturen.

– Folk må skjerpe seg, sa Halland.

Det er trist når unge fødande blir skremde av feilinformasjon gjennom media.