Hopp til innhold

- Dei gjorde det unødig spennande!

- Det var ein åttar på ein skala frå ein til to, seier Stormen-leiar Tom Walderhaug etter semifinalen.

Tom Walderhaug

GLAD SUPPORTERLEIAR: Tom Walderhaug var veldig godt nøgd med utfallet i semifinalen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det er akkurat slik ein semifinale skal vere. Dei ligg og kjenner på kvarandre, så skårar heimelaget det avgjerande målet.

- Slik ein semifinale skal vere når Aafk er heimelaget?

- Heilt klart, smiler han.

Gøymde seg

Tom Walderhaug

- FYRSTE MÅLET VINN: - Eg var nervøs ei stund, seier Tom Walderhaug etter kampen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Kampen var mållaus gjennom den fyrste timen, men begge laga pressa på for å få det fyrste målet.

- Det var ein kamp der fyrste målet vinn, og eg var nervøs ei stund. Eg skal vere ærleg, eg gøymde meg bak tribunen og ba til høgare makter. Der sat eg då Aafk skåra, dessverre, seier han og bøyer hovudet.

  • Sjå bilde frå supporterane si oppvarming ved å opne bildegalleriet til høgre.

- Men eg fekk det med meg på skjerm. Ein semifinale er ein semifinale. Det betyr så ufatteleg mykje for Aafk å kome til finalen, og det skal me ta godt vare på.

- Det er fyrste gong Aafk er i finalen, korleis er det?

- Det er fantastisk godt. Det er ikkje siste gong, legg han vekt på.

- Ikkje nødvendig med ni mål

Nils Håvoll

- FORTENT: Det syns Nils Håvoll om Aafk-sigeren.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg syns kampen var bra. Det var fortent. Kanskje ikkje etter siste minutta i kampen, men då gjekk dei jo i forsvar, seier Nils Håvoll.

Den andre semifinalekampen var ikkje like målrik som den i Molde, men det var ikkje så farleg, meiner Håvoll.

Daniel Bjørlykke, Vivian Maridal og Adrian Bjørlykke

- KJEMPESPENNANDE: Daniel Bjørlykke, Vivian Maridal og Adrian Bjørlykke var godt nøgde med kampen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det spelar inga rolle så lenge dei kom seg til Oslo, seier han.

- Nesten litt vondt

Det var ikkje alle som likte at semifinalen vart så spennande.

- Det var kjempespennande. Nesten litt vondt på slutten, seier Vivian Maridal.

Ho syns det var ein fortent siger til heimelaget, og at det er supert at det no blir eit lokaloppgjer i cupfinalen.

- Eg syns det var ein heilt ok kamp. Det var spenning frå start til slutt, men ekstraomgangar trengte me ikkje. Det vart spennande nok utan det, seier ho.

- Litt rotete

- Det var ein litt rotete kamp. Dommaren var ikkje heilt slik han burde vere. Og spelarane vart nok litt slitne mot slutten. Men resultatet er veldig fantastisk, seier Magne Ertresvåg.

Han er godt nøgd med resultatet, men syns kampen vart altfor spennande. Han syns det var bra at ikkje det vart ekstraomgangar i kampen.

Magne Ertresvåg

ROTETE: Magne Ertresvåg var skuffa over dommaren, men glad for kampresultatet.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det var veldig positivt. Eg veit ikkje kor lenge Aafk-spelarane ville holdt ut.

- Kastar alt

Han trur det ville gått hardt utover Aafk-spelarane dersom det vart ekstratid i semifinalen.

- Det blir jo slik. Ein kastar alt og prøver å utlikne, seier han.

At det blir dei to naboane som no går til finalen meiner han er flott.

- Det er fantastisk. Det blir jo to lag frå Møre og Romsdal, så eg trur eg skal prøve å kome meg nedover, seier han og håper at Stormen vil vere til hjelp når han skal skaffe seg billettar.

Color Line stadion

FYRSTE SEMIFINALE PÅ CLS: Den enda med siger til heimelaget. No skal Aafk møte Molde i finalen.

Foto: Åge André Breivik / NRK