Hopp til innhold

AaFK møter Molde i finalen

59 minutt var gått då AaFK gjekk opp i leiinga i semifinalen mot Odd. Tor Hogne Aarøy sikra 1-0.

Aarøy og Kovacs

SKÅRA FYRSTE: Tor Hogne Aarøy skåra fyrste målet i semifinalen mot Odd Grenland.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Det vart kamp til døra, men Aafk sikra seg cupfinale mot Molde. Dermed blir det lokaloppgjer i Oslo fyrste helga i november.

Det er fyrste gong to lag frå Møre og Romsdal er i cupfinalen!

Historisk siger

Odd Grenland gav ikkje opp, og var fleire gongar farleg frampå i dei siste minutta. Dommaren la til fire minutt ordinær tid, dermed vart publikum heldt på pinebenken enda nokre minutt.

To minutt på overtid fekk gjestane nesten krangla ballen i mål, men Aafk fekk rydda den ut av feltet. Over ti tusen publikummarar stod på Color Line stadion då tida gjekk ut, og Aafk var sikra sin fyrste cupfinale nokon gong.

Då tok Aarøy laget eit steg nærare å få møte naboane frå Molde i cupfinalen.

Mållaus fyrsteomgang

Begge lag viste tydeleg at dei vil ha det fyrste målet, men ingen av dei greidd å få hol på byllen i fyrste omgang.

Stadion er nesten fullsett. 10.236 personar er på stadion for å sjå om Aalesunds FK greier å ta seg til finalen for fyrste gong. Kapasiteten er 10.778.

Fleire sjansar

Tribuneshow før semifinalen

LAGA SHOW: Heimesupporterane laga show på tribuna før kampen torsdag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Aalesunds FK har vore farleg frampå fleire gongar, men har ikkje greidd å få inn mål mot motstandarane frå Skien.

Gjennom heile omgangen har regnet hølja ned, og til tider har det blese så gale at ballen har endra retning på grasmatta.

Høg temperatur

Publikum har heldt temperaturen oppe gjennom dei fyrste 45 minutta. Alle vil ha dommaravgjerdene til å gå sin veg, og gir tydeleg inntrykk for det når dei meiner han gjer feil.

Laget som vinn kampen møter Molde i cupfinalen på Ullevaal 8. november.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL