Hopp til innhold

Kan skrive historie

AaFK kan i kveld skrive historie. Klubben har aldri før spelt i cupfinalen. Med siger blir det første gang to lag frå Møre og Romsdal spelar i finalen.

AaFk Stabæk
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Skal AaFK kome til finalen må dei greie det dei ikkje har greidd i årets Eliteserie. Odd har nemleg vunne begge kampane i serien.

Men sunnmøringane har statistikken på si side. Det er svært sjeldan bortelaga vinn i semifinalen. Sist gong det skjedde var då Sandefjord slo Rosenborg på Lerkendal i 2006.

Les også: Taper ni av ti

AaFK-trenar Kjetil Rekdal er klar over statistikken. Han trur det blir ein jamn kamp på Color Line Stadion i kveld.

Les også: Redd for overtente spillere

Vegen til kvartfinalen

1. runde: Brattvåg IL - Aalesund 0 - 5

2. runde: Kristiansund BK - Aalesund 0 - 2

3. runde: Aalesund - Stavanger 2 - 1

4. runde: Sogndal - Aalesund 0 - 1

Kvartfinale: Aalesund - Stabæk 3 - 1