Hopp til innhold

Oransje håp før semifinalen

- Magekjensla er god, seier leiar Tom Walderhaug i supporterklubben Stormen før semifinalen mot Odd Grenland.

AaFK-flagg

ORANSJE HÅP: AaFK tek i mot Odd Grenland torsdag kveld. Med heimesiger blir det lokaloppgjer i finalen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

AaFK-telt på Kiperviktorget

GRÅVER FØR FESTKAMP: AaFK-Odd går i grått sunnmørsver torsdag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det blir ein tøff kamp, men laget er inne i eit godt driv. Me har medgang, så dette går nok vegen, seier Walderhaug.

Han meiner det blir ein draumefinale om AaFK går vidare. Vinnaren av oppgjeret i kveld får møte Molde på Ullevaal i starten av november.

Trur Rekdal kan roe spelarane

- Det bør tenne spelarane litt ekstra, meiner Walderhaug. Han er likevel samd med AaFK-trenar Kjetil Rekdal som fryktar at spelarane skal bli for tente før semifinalen.

- Det er alltid fare for det, men eg trur Rekdal er flink til å roe spelarane, og få dei til å forstå kva det står om.

Nicolai Humblen Gjerde

OPTIMIST: Nicolai Humblen Gjerde håper spelarane held hovudet kaldt i kampen torsdag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Også Nicolai Humblen Gjerde er klar for finalen. I oppvarmingsteltet til supporterklubben Stormen på Kiperviktorget håper han at finalebilletten blir sikra torsdag kveld.

- Held hovudet kaldt

- Det er fantastisk stemning her. Det kunne ikkje vore betre, seier han.

Han er optimist, og trur ikkje Molde sin siger mot Vålerenga onsdag vil hindre AaFK-spelarane i å sikre seg tur til Oslo i november.

- Eg trur dei held hovudet kaldt, meiner han. Men Molde var ikkje den finalen han håpte på.

- Århundrets finale!

Olivia Riste

TRUR PÅ 2-1: Olivia Riste trur Tor Hogne Aarøy og Pablo Herrera Barrantes sikrar sigeren for AaFK.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg håpte på VIF, men Molde blir bra. Det blir Noreg sitt svar på Manchester United - Liverpool, smiler han.

Olivia Riste tek det endå litt lenger.

- Det blir århundrets finale! Eg trur sjølvsagt på finale. Det blir 2-1, etter mål frå Aarøy og Herrera, trur ho.

Semifinaleoppvarming AaFK

STILLE FØR STORMEN: Teltet til supporterklubben Stormen var ikkje fullt i 16-tida torsdag ettermiddag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL