Hopp til innhold

Middags­brød du vil elske

Herleg, billig og enkelt – her er oppskriftene på åtte brød som er supre til middagen. Supper, gryter og pastaretter er absolutt best med nysteikt brød til.

Et bilde satt sammen av fire. Brød i fire varianter, nan, marokkansk, tyrkisk pide og indisk flatbrød.

Ofte er middagsbrøda raske og enkle å bake. Brød som tilbehøyr til middag er også rimeleg, både fordi råvarene har låg pris og fordi brødet i seg sjølv mettar godt.

Foto: Sommermat i Falkenberg/Hege Bakken Riise/Vidar Bergum og Tone Rieber-Mohn

Nanbrød med kvitløk er kjempegodt til både asiatiske og norske retter. Dei kan toppast med sesamfrø, koriander eller kvitløk.

Tyrkisk brytebrød er akkurat passe luftig og seigt, med gyllen skorpe og toppa med herlege frø. Eit focaccialiknande brød.

Rundt Middelhavet elskar dei pitabrød. Dette brødet treng ikkje heve lenge, og skal steikast i svært varm omn slik at brøda blåser seg opp og dannar ei lomme.

Bruken av semulegryn er trikset bak den karakteristiske teksturen her. I Marokko blir det bakt brød til nesten kvart einaste måltid.

Enklare enn dette kan det nesten ikkje bli. Ønsker du smak, kan du leike deg med krydder, urter eller oljer.

Dette flatbrødet er med honning. Og haydari høyrer med – ein dipp med cherrytomatar, fetaost og krydderurter.

Dette grilla brødet minner om italiensk focaccia eller kvit pizza med god ost og urter.

Dette brødet kan vere heile middagen. Det er laga med poteter og har nydeleg indisk krydra fyll som verkeleg smaker.

Og så den meksikanske klassikaren. Tortillalefser finn du i mange variantar i butikken, men er enda betre viss du lagar dei sjølv.