Brun julepudding på et hvitt fat med en grønn ripskvast på toppen. Rundt puddingen ligger det friske ripsbær

Denne julepuddingen overgår det meste. Den tek lang tid å lage, påskjønninga er at ho varer heile jula.

Foto: Minna Mäkelä / YLE

Søt finsk jule­pudding med «alt»

Overdådig og mykje smak – beskriv denne finske varianten av klassisk, engelsk Christmas pudding. Fylt av marinert og tørka frukt held den seg saftig heile høgtida.

Slik gjør du

Marinert frukt

Bland all tørka, grovkutta frukt med konjakk og sherry og la stå over natta.

Marinert tørket frukt på et glassfat.

Proppfull av marinert, tørka frukt held puddingen seg saftig lenge.

Foto: Minna Mäkelä / YLE

Puddingen

Bruk ein 2 liters bolle med lokk som toler varme. Smør han inn med eit tjukt lag romtemperert smør, inkludert lokket. Puddingen skal steikast i denne.

Så finn du ein større bolle som alt skal blandast saman i først.

Her blandar du dei tørre ingrediensane og rive skal av appelsinane.

Pisk egga.

Bland dei inn saman med rive eple, appelsinjuice, finhakka ingefær i sirup, marinert frukt, marinade og kandiserte appelsinskal.

Nå skal du trykke heile røra ned i den smurde forma du starta med.

Etterpå slår du bollen mot bordet, så røra sig godt ned og luftlommer forsvinn. Legg plastfilm over røra, og bruk hendene til å trykkje puddingen endå betre ned i bollen, slik at det blir heilt kompakt. Plastfilmen kan du kaste etterpå.

Det er bakepulver i røra, det vil heve litt og puddingen skal haldast på plass, så dekk til med lokk. Rundt lokket legg du aluminiumsfolie med hyssing rundt, så alt held seg godt på plass.

(Har du pudding-røre til overs, lagar du ein liten bolle til på same måte).

Du kan steike puddingen på to måtar.

1) Steik i vassbad, bruk ei stor gryte. Senk ned til minst halvparten av bollen i cirka 5 timar. Det skal berre syde forsiktig, ikkje full kok.

2) Eller i steikeomn på 110 grader – same tid.

Etter koking eller steiking lèt du puddingen stå kjølig og mørkt i cirka 1 time.

Når puddingen er avkjølt og stiv, snur du den og legg den på eit fat eller tallerken.

Pynt med rips.

Server gjerne med te, gode ostar og frisk frukt.

Tips

Julepeparkakekrydder, kandiserte appelsinskal og ingefær i sirup får du kjøpt ferdig i butikk.

Kaka held seg lenge, men du kan også «refreshe» den. Før servering, på eit seinare tidspunkt, dekkjer du bollen med lokk og aluminiumsfolie igjen og dampar han igjen i eit par timar.

Frukt til puddingen kan vere fiken, druer og pærer.
Ostar som passar til puddingen: Brieost, blåmuggost, lagra Gruyère og geitost.

Julepuddingen kan gjerne flamberast, for ekstra smak og for å gjere den endå meir saftig. Bland 0,5 dl calvados og 0,5 dl vodka. Varm opp væska, tenn panna og aus nokre skeier av den brennande væska over kaka ved servering.

Puddingen på hvitt fat med grønn ripskvast på toppen. Rundt ouddingen ligger røde friske ripsbær. Fatet står på kjøkkenbenken sammen med litt ingredienser.

Denne finske varianten av engelsk julepudding er verkeleg overdådig og full av smak.

Foto: Minna Mäkelä / YLE

Kilde: Paul Svensson i TV-serien «Hygge i Strömsö»/YLE