Det blir ikkje jul utan sirupsnippar på bordet, heime hos Kari Støfringsdal i Jølster. Oppskrifta har ho fått av mor si, tynne sprø kaker, med smak av krydder og karamell.

SIRUPSSNIPPAR: Slik lagar du tynne og sprø kaker. Foto: Ahmad Dean, NRK

Sirupsnippar

Det blir ikkje jul utan sirupsnippar på bordet, heime hos Kari Støfringsdal i Jølster. Oppskrifta har ho fått av mor si, tynne sprø kaker, med smak av krydder og karamell.

Slik gjør du

Kok opp sirup, smør, sukker og krydder. Avkjøl blandinga til ho er lunka.

Rør inn mjøl med bakepulver. Bak ut til ein tynn leiv med ein gong.

Skjer i spissar, bruk ein liten klatt med egg, som lim og legg oppå ein delt mandel. Steik ved 180 ºC i 5–6 minutt.

Tips

Mandlar, som skal skåldast, bør tørkast godt før dei blir delte og sett på kvar kake. Du kan gjerne skålde mandlane dagen før.

Kilde: Kari Støfringsdal