Slik gjør du
Løys gjæra opp i lunka væske og ha i olje, honning og salt. Ha i det grove mjølet og så kveitemjølet til deigen er smidig og ikkje for fast. Sett deigen til heving med plast over bollen. Ta deigen ut på bakebordet og del i fire like store delar.
Klapp eller kjevle ut runde kaker cirka 1 centimeter tjukke. La dei heve litt, og prikk dei med ein gaffel. Hev dei vidare til dobbel storleik.
Steik ved 225 grader i cirka 20 minutt. Spray dei med vatn når du set dei inn i omnen, og spray gjerne litt vatn i botnen av omnen òg.
Kilde: Kari Støfringsdal