Tebriks

GODE TIL MYKJE: Nysteikte tebriks smakar alltid godt.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Herlege og lekre tebriks

Tebriks er delikate å servere til frukosten, eller til ei god suppe.

Slik gjør du

Varm vatn og smør til 35 grader. Løys opp gjæren i væska og ha i sukker, salt og mjøl. Arbeid deigen til han er smidig og slepp bollen. La deigen heve godt opp. Kjevle ut deigen til ei lengd på 20x80 centimeter.

Pensle mjukt godt smør på 2/3 av leiven. Brett han i tre delar med den usmurde langsida først inn. Snu skøyten ned mot bordet og del opp lengda i 4 centimeter breie stykke. Etterhev dei og pensle med samanpiska egg og dryss på med valmuefrø.

Steik ved 250 grader i 12 minutt – til dei er friskt gulbrune.

Kilde: Kari Støfringsdal