Hopp til innhold

Seks variantar granola

Frukostblanding, granola eller mysli. Kall det kva du vil. Dette er uansett noko av det beste og sunnaste du kan få i deg til frukost. Sjølve grunnmuren på ein god dag.

Collage va tre bilder. Først en krukke med ferdiglaget granola, så yoghurt overstrødd med bringebær, blåbær og sjokolade. Til slutt en rød skål med granola med litt yoghurt i.

Granola består ofte av havre stekt i omnen, tørka frukt, nøtter, frø og honning. Granola er sunt, mettande og har mykje fiber.

Foto: MARI ROLLAG EVENSEN/ SIGURD VIK/ERIK WAAGE / NRK

Hovudforskjellen mellom mysli og granola, er at granolaen er omnsbakt, mens myslien hovudsakleg består av korn som ikkje er bakt.

Er det første gong du lagar granola, kan du gå for denne. Her er det mål på dei ulike ingrediensane. Etter kvart lærer du å slumpe og leike deg. Da bruker du det du har, og liker.

Det er ingen reglar. Bland korn, frukt og frø etter hjartans lyst. Graskarfrø, solsikke-, sesam-, chia- og linfrø.

Konditoren sin favoritt har lønnesirup og nøtter.

Det er verkeleg eit lettvint måltid, og det gir krefter til langt på dag. Når du har laga ei krukke granola, varer den lenge.

Du kan toppe dette kraftverket av ein frukost med nesten kva som helst: Jordbær, blåbær, banan, frukt og nøtter, for å nemne noko.

Heimelaga granola oppbevarer du i fine krukker som pyntar på kjøkkenbenken. Denne er verkeleg god.