Bodils restematpakke

Pakk restane godt inn og varm dei på grill eller steikepanne.

Foto: Bodil Fjellestad Eikrem

Restematpakke

Vask kjøleskapet og rydd ut diverse grønsak-, kjøt-. og fiskerestar. Bodil Fjellestad Eikrem lager ein digg matpakke av restane.

Slik gjør du

Kryddersmør

Finhakk kvitløken. Bland smør, soltørka tomat, kvitløk og urter godt saman. Køyr alt med ein stavmiksar, om du har det tilgjengeleg.

Restemat i matpapirpose

Legg ei god skei kryddersmør midt på matpapiret.

Du kan bruke det meste av grønsaker. Kutt dei i passe bitar og bland godt saman.

Om du har laks, kvitfisk, kylling eller anna kjøtt som må brukast opp, så kutt det i strimlar og legg i posen saman med grønsakene. Her kan du og bruke ferdig steikt fisk frå gårsdagens middag.

Krydre med salt og pepar. Litt ferske urter er alltid digg, og gjerne litt ekstra soltørka tomat som du brukte i kryddersmøret.

Brett saman posen og knyt godt saman. Legg i ei varm steikepanne og skru ned varmen litt etter kvart så den ikkje svir i botn. Lat posen ligge 6-7 minutt før du opnar og serverer direkte frå posen.

Dryss litt ferske urter og urterømme over.

Eg elskar sylta løk, raudbeter osv. som er godt å pynte på toppen med. Det er fargerikt og gir syrleg god smak.

Urterømme

Køyr alt med stavmiksar og drypp over maten. Har du ikkje stavmiksar hakker du berre opp urtene og blandar saman.

Sylta raudløk

Kutt løken i strimlar. Kok opp eddik, sukker og vatn, for eksempel 1 dl sukker, 2 dl eddik og 3 dl vatn. Lat løken trekke i den varme laken til du serverer.

Kilde: Bodil Fjellestad Eikrem i Sommeråpent 2019