Hopp til innhold

Fem tips til korleis du kan få ned eige matsvinn

Innan 2030 skal vi kaste halvparten så mykje mat i Noreg. Då må alle trå til. Halvparten av maten vi kastar kjem nemleg frå private hushald.

Michael McMillan handler mat i en matbutikk i Svolvær.

Forbrukarane vil ha ei avgjerande rolle for å få ned matsvinnet innan 2030. I dag kjem halvparten av maten vi kastar frå private hushald.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Onsdag fekk regjeringa forslaga frå Matsvinnutvalget for korleis vi skal redusera matsvinn.

Ifølgje rapporten hastar det å få på plass tiltak om vi skal nå målet med å halvere mengda mat som kastas innan 2030.

Forfattar, foredragshaldar og matsvinn-entusiast Mette Nygård Havre var til stades under overrekkinga av rapporten. Ho er ikkje veldig imponert.

– Eg trur vi hadde trunge ei lov. Vi treng noko litt meir handfast om vi skal nå målet.

Mette Nygård Havre

Matsvinn-entusiast Mette Nygård Havre meiner ein matkastelov er naudsynt for å få ned matsvinnet i Noreg.

Foto: Christin Eide

Ho står bak boka og instagramkontoen «Spis opp maten». På sosiale medium når ho ut til over 100.000 følgjarar med oppskriftene og tipsa sine til korleis unngå å kaste mat.

Det er forbrukarar som står for 48 prosent av matavfallet i Noreg. Det er nesten halvparten av matsvinnet som skjer heime hos oss.

I 2020 vart det kasta 84,7 kilo mat per innbyggjar i landet. Havre seier vi må bli flinkare til å bruka opp maten som blir handla inn.

Elles trur eg ikkje vi klarer å nå målet.

NRK spurde publikum om tipsa deira til korleis redusera matsvinn heime.

Her er nokre av tipsa:

Frys ned

«Bruk frysaren. Løk, paprika og purre er fine å fryse. Trist agurk, paprika, gulrot og stongselleri kan leggast i iskaldt vatn og dei friskar seg opp.»

«Sjølv mjølk kan frysast, berre hugs å rista kartongen når han er heilt tint. Ost kan også frysast, men kan bli litt kornete, men då kan han brukast på pizzaen og lasagnen. Ingen problem.»

Havre er heilt samd i desse tipsa, og seier at ein kan fryse ned det meste.

Mjølka er kanskje ikkje superfin når du tiner ho igjen, men då bruker du ho i matlaging, i vaflar eller eit eller anna. Då fungerer ho heilt fint.

Fryser

Det er mykje som kan bli frose ned. Alt frå ost til mjøl og grønsaker, råder NRK sine lesarar.

Foto: Mette Stensholt Schau

Lag matplan

Men det er ikkje alle som har ein frysar.

Veldig mange av dei unge som gjerne er studentar og bur i kollektiv, har ikkje fryseboks, seier Havre.

Då er det planlegging som gjeld. Noko som også fleire tipsa om.

«Lag ein matplan der du planlegg å bruke alt du kjøper inn. Eg har knapt kasta ei gulrot sidan i sommar på grunn av dette. Og mat er dyrt så det hjelper på lommeboka å ete opp det ein har.»

glassbokser med plastlokk med matrester

Dersom du ikkje har ein frysar kan eit godt råd vere å lage ein plan for korleis du skal bruke alle restar du får.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Lag suppe eller saus på restar

Men har du likevel slappe grønsaker, ost eller andre restar i kjøleskapet, kan dette vere fint å ha i ei suppe.

«Enkle råd til alle hushald: kok suppe på restane frå kjøleskapet.»

«Om du til dømes har julebrød kan du laga diplomatpudding eller arme riddarar. Brød kan du også laga til krutongar eller bruschetta

Kjøttsuppe med brød

Fleire av NRK sine lesarar tips som å lage suppe på restane av til dømes grønsaker som ein kjøper i store pakker. Det trur matsvinn-entusiast Havre er eit godt råd.

Foto: Hanne Hoftun / NRK

Det var ein del som også skreiv at dei slit med å ete opp mat som kjem i store pakkar. Det vart brukt døme som pakkar på to–tre paprikaer og fire kvitløkar, når ein eigentleg berre treng ein.

Då var det ei som skreiv:

«Frosen paprika hos oss blir brukt til saus saman med løk, pepar, mjølk eller fløyte og grønsakbuljong. Då har du ein fin saus som du blendar saman og kan ha til kyllingbrystmiddagen.»

Havre seier dette er noko fleire bør gjere.

– Eg trur at ein berre må bestemme seg for at dette skal ein bli flinkare til.

Les også Priskrig på mat hos dagligvarekjedene

Mariel Lindelöf på handletur på Extra

Kjøp lausvekt

Eit anna svar på å unngå problematikken med for store pakkar med mat enn du treng, er å kjøpa i lausvekt.

«Eg kastar ikkje mat. Matavfallet mitt består av potetskrell, litt skrell frå gulrøter og andre rotfrukter. Det finst butikkar der ein får kjøpt grønsaker og frukt i lausvekt, mykje enklare å avgrensa seg.»

Dette seier Havre er eit supert tips.

Og der trur eg også fleire må bli medvitne, for no er det fleire av dei store matkjedene som har blitt mykje flinkare, seier Havre.

Løsvekt

Matsvinn-entusiast og forfattar Mette Nygård Havre meiner store pakningar med grønsaker er kjelde til mykje av matsvinnet i butikkane.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Ho nemnar til dømes Rema1000 og Kiwi som har blitt flinke til å selje løk i lausvekt.

– Det syntest eg alltid var så irriterande før, at du måtte kjøpe tre løk i ei strømpe. Eg var ikkje interessert i tre løk i ei strømpe.

Les også Mens bøndene i sør hyller regnet, jubler bøndene i nord for tørken

Magne Kristensen bonde

Ver kreativ

Andre tips som dukka opp var:

«Ta vekk best før, då har folk maten lengre.»

«Vårløk og purre kan du kutta enden av så du har 5–6 cm med rota og planten i eiga potte. Då har du nye plantar som gjev deg mat lenge, klipp det du treng og det veks ut igjen.»

«To gonger i veka lagar eg pizza med restar frå kjøleskapet. Mykje rart blir det. Sist eplebitar, blåmuggost, juleskinke og kanelkaker»

Dette seier Havre er fantastiske tips.

– Det er jo kjempegøy. Det viser kor kreativ folk verkeleg kan vere.

Les også Matsvinnet i Norge skal halveres innen 2030 – slik vil de gjøre det

På matbutikken i Svolvær i Lofoten er Eline Mosan McMillan og Michael McMillan på jakt etter nedprisede varer som snart går ut på dato.

Denne jula og nyttår har ho merka at fleire har blitt flinkare på å vere kreativ med restemiddagen.

Ho sjølv kjem med eit siste tips:

Oppbevar maten din ordentleg, og pass på at temperaturen i kjøleskapet er på mellom to og fire grader.

– Det er mange som kjøper salat, rucola eller spinat. Etter sånn fem dagar synest eg desse kan bli litt slappe. Då finn eg fram ei skål og legg eit tørkepapir i botnen før eg legg salaten opp i. Dette tørkepapiret eller kjøkkenhandduken, tar vekk fukta. Då held det seg mykje lenger.