Peparskiver

GODE PEPARKAKER: Lettvinte kaker, men du bør lage deigen dagen før.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

Peparskiver

Peparskiver, eller franske peparkaker, er enkle å lage og har ein god kryddersmak.

Slik gjør du

Varm opp smør, sukker og sirup. Det skal ikkje koke.

Skåld og hakk mandlar. Rør ut natron i vatn. Ha mandlar, krydder, natron og mjøl i den varme blandinga. Bland godt saman.

Avkjøl deigen noko før han vert forma til pølser med diameter på om lag 4 centimeter. Set deigpølsene kaldt over natta.

Skjer dei fine skiver, 4–5 millimeter tjukke. Legg dei på steikebrett med god avstand og steik midt i omnen på 180 grader i 8–10 minutt.

Kilde: Kari Støfringsdal