Indisk bondeost. Paneene ligger på en hvit serviett på et grønt fat.

Paneer er ein indisk heimelaga kvit ost. Den blir laga heilt fersk same dag som ein bruker han i ein rett.

Foto: CARINA AHLSKOG / YLE

Paneer – indisk bondeost

Paneer er ein fersk ost som eigentleg er det same som cottage cheese/ hytteost. Ved å presse han og kutte han i terningar, kan du bruke han i gryteretter der han gir god konsistens og smak.

Slik gjør du

Kok opp mjølka i ein kjele og la den avkjølast litt.

Bland sitronsafta med vatnet og rør blandinga varsamt inn i mjølka til den skil seg.

La avkjøle i 30 minutt.

Sil osteblandinga gjennom eit tynt klede, til dømes musselin eller et svært tynt bomullstoff.

Skyl med kaldt vatn for å fjerne den syrlege smaken.

Når alt vatnet har runne bort, vrir du ut kledet slik at osten får ei rund form.

Legg kledet med osten i eit dørslag og klem ut så mykje væske som mogleg.

Legg ei vekt på osten, til dømes ei panne fylt med vatn i 2–3 timar.

Etter dette kan du også setje osten i kjøleskapet i nokre timar for å gi osten ei fastare form.

Ta osten ut av kledet og skjer den i 2–3 centimeter store terningar.

Osten kan oppbevarast nokre dagar i kjøleskapet.

Tips

Osten kan også frysast om den er frityrsteikt med olje.

Osten er god til kylling og ulike vegetarretter. Den er god til Palak Paneer, ein indisk gryterett med spinat og ost eller Shahi Matar Paneer, som er ein kremet gryterett med erter og ost.

Du tilset osten rett før gryteretten er klar.

Kilde: Raj Bharat frå «Hygge i Strömsö»